nyhende

Nasjonale prøver:

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) meiner at det er avgjerande å styrkje dei grunnleggjande ferdigheitene, særleg lesing. Foto: Rodrigo Freitas / NTB / NPK
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) meiner at det er avgjerande å styrkje dei grunnleggjande ferdigheitene, særleg lesing.

Fleire 5.-klassingar slit med lesing

Femteklassingar slit mest med lesing, viser dei nasjonale prøvene i år. Samtidig har matte- og engelskkunnskapane forbetra seg blant åttandeklassingane.

Publisert Sist oppdatert

Dei nasjonale prøvene i år viste at fleire femteklassingar presterer dårlegare i lesing no samanlikna med i fjor, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding til NTB.

– Resultata stadfestar at vi framleis har eit stort arbeid framfor oss. Vi må leggje til rette for at fleire elevar lærer meir og opplever meistring. Derfor er det heilt avgjerande at vi held fram snuoperasjonen vi har starta på – der vi styrkjer dei grunnleggjande ferdigheitene, særleg lesing. Ikkje berre gjennom stadig fleire timar, men ved å sørgje for betre kvalitet i timane, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) i pressemeldinga.

Kvart år gjennomfører femte, åttande og niande trinn nasjonale prøver for å gi skulane og kommunane informasjon om dei grunnleggjande ferdigheitene til elevane innan lesing, engelsk og rekning.

Fleire på lågast meistringsnivå i lesing

29 prosent av femteklassingar presterer på det lågaste meistringsnivået i leseferdigheiter. Det er ein auke på 6 prosentpoeng frå 2022. No presterer 3.400 fleire elevar på det lågaste meistringsnivået.

Andelen elevar på det høgaste meistringsnivået for lesing har gått ned frå 29 til 25 prosent.

Trass i eit lågare meistringsnivå i lesing, held prestasjonane i engelsk og rekning ganske stabilt. Men tala er litt lågare enn dei var i fjor.

8. klasse blir stadig betre i engelsk

I år presterer åttandeklasse betre i rekning og engelsk enn i fjor, leseferdigheitene er på eit likt nivå.

– Elevane presterer stadig betre i engelsk. Andelen elevar på dei to lågaste meistringsnivåa har gått jamt nedover frå 2022. I år aukar også andelen elevar på dei to høgaste meistringsnivåa, står det i pressemeldinga.

Elevane i åttande klasse presterer også betre i rekning enn elevane i åttandeklasse i fjor, men nivået er lågare enn det var i 2022.

Vil erstatte nasjonale prøver

Regjeringa vil endre dagens nasjonale prøver etter fleire utgreiingar har vist at prøvene ikkje gir nok informasjon om ferdigheitene til elevane. Dei skal gi meir og breiare informasjon om ferdigheitene til elevane og skal kallast læringsstøttande prøver.

– Her har vi lytta til lærarane. Det nyttar ikkje å berre få tal. Det viktigaste er at elevane blir betre. Dei nye prøvene skal ha eit tydeleg formål – å gi læraren best mogleg informasjon om kva elevane kan, og kva dei må jobbe meir med. Dette vil også vere nyttig informasjon for kommunane når dei skal avgjere korleis elevane kan få ei betre opplæring, seier Nordtun.

Partane i skulesektoren og lærarane skal samarbeide med Utdanningsdirektoratet om dei nye prøvene. I mellomtida vil nasjonale prøver gjennomførast som normalt.

Dagnes nasjonale prøver vart fornya i 2022 for å spegle nye læreplanar. Det vart også lagt inn ein metode for å måle utviklinga til elevane over tid.

Powered by Labrador CMS