nyhende

30 år sidan den store skogbrannen:

Den 2. juni 1992 braut det ut ein skogbrann i Sveio. Brannen starta søraust for Hopsfjellet. I kraftig vind spreidde han seg raskt nordover.
Den 2. juni 1992 braut det ut ein skogbrann i Sveio. Brannen starta søraust for Hopsfjellet. I kraftig vind spreidde han seg raskt nordover.

Flammehavet som la Hopsfjellet i oske

Den 2. juni 1992 vart Hopsfjellet i Sveio råka av eit vidstrekt flammehav. I år er det 30 år sidan den store katastrofen la 3000 mål av Sveio-naturen i oske.

Publisert Sist oppdatert

— Det var kaos og eit virvar utan like, seier Øyvind Sæverhagen frå Sveio.

I 1992 stod store delar av familiegarden til besteforeldra hans på Nedre Hope i flammar. Den gongen var Sæverhagen 21 år gamal.

Øyvind Sæverhagen føre huset til besteforeldra på familiegarden Nedre Hope.

Då han skjøna at brannen hadde nådd familiegarden lenger nord, køyrde han dit i all hast frå heimen på Rød. I frykt for å missa uerstattelege verdisaker, sprang han inn i det brannutsette huset og fylte ei balje med familiebilete, sølvtøy, gamalt porselen og anna arvegods. Han bar òg ut fjernsynet for å berga det frå den ustyrlege brannen.

Til hell og lukke vart brannen sløkt før han nådde ned til huset, men dét med liten margin.

— Hadde det ikkje vore for at huset ligg i eit dalsøkk, og for at det var natt og dermed nokså vindstille, hadde nok huset brent ned, det òg, seier Sæverhagen.

Kaos

Brannvesenet i Sveio vart varsla om brannen tysdag ettermiddag den 2. juni. Tragedien starta i Bårvåg, søraust for Hopsfjellet. Den kraftige vinden gjorde at brannen spreidde seg raskt nordover i retning Flåten og Hope. 3000 mål brann ned under den kaotiske seansen. Dét tilsvarer tre millionar kvadratmeter.

Ifølgje dåverande lensmann, Kåre Ravn Ottesen, vart det aldri konkludert med noka bestemt brannårsak. Kva som for visst forårsaka skogbrannen, vil med andre ord verta ståande som eit uløyst mysterium.

Foto frå 1992, natt til 3. juni på Hope. Brannen nådde Hope 6-7 timar etter at han starta i Bårvåg.

I Vestavind den 4. juni 1992 kan ein lesa korleis brannen sette kvardagsroa ut av spel:

«Tysdag kveld var det fullt kaos i brannområdet. Folk strøymde til for å hjelpa, men det vart ikkje organisert skikkelege troppar, samsundes som ein hadde store problem med sambandet. […] Kvelden gjekk som eit kaos for dei fleste, det var berre om å gjera å redda hus. Brannen var så stor at det var heilt umogleg å koma rundt han».

Det tok ikkje lang tid før fleire vart sende til sjukehus som følgje av oksygenmangel etter å ha pusta inn store mengder kvelande røyk.

Foto frå Hope den 2. juni 1992. Brannhelikopteret fekk stansa flammane før dei nådde huset på Hope. Sæverhagen fortel at dette helikopteret fór fram og attende mellom Sveio og Stord, der det òg var skogbrann på ferde.

I tillegg til lokalt og regionalt brannvesen var òg Heimevernet og Sivilforsvaret aktivt involverte i sløkkinga av storbrannen.

Til og med friviljuge «vanlege» folk mobiliserte i for å stoppa det enorme flammehavet: Lokale bønder køyrde rundt i det brannherja området med spreievogner fylte med vatn. Somme saga ned tre for å hindra at brannen spreidde seg; andre tok på seg rolla som brannpiskarar og slo rundt seg med spadar og reiskapar i ein fortvila kamp mot dei ekspanderande flammane.

Tok motorsaga fatt

Bror Eivind Eriksen (72), som på noverande tidspunkt residerer nord i kommunen, var ein av dei som gav ei hjelpande hand under det friviljuge sløkkingsarbeidet.

Bror Eivind Eriksen var med som friviljug under brannsløkkinga ved å laga branngater.

Han hugsar den dramatiske hendinga som om ho var i går:

— Den gongen jobba eg som lærar på Førde skule. På kvelden den 2. juni hadde me foreldremøte på skulehuset. Brått såg me røyk frå skogen og fekk melding om at det var storbrann i Hopsfjellet. Så avslutta me møtet på flekken, seier Eriksen.

Eriksen tok motorsaga fatt og gjekk i gang med trefelling utan å stussa. Han og mange andre friviljuge heldt på i nokre timar før dei innsåg at dei var nøydde til å kapitulera.

— Me måtte til slutt leggja ifrå oss sagene. Brannen var så heftig at han hoppa frå tretopp til tretopp. Han hoppa både over branngata og E39, så me fekk ikkje stoppa han, held Eriksen fram.

Han nemner ein episode som vitnar om at folk klarte å sjå humor i tragedien:

— Då det brann på det verste og me såg at det ikkje lét seg stoppa, var det ein grunneigar som gjekk rundt og spurde om nokon var interesserte i å kjøpa ved på rot.

Brannvesenet lærte

Den friviljuge innsatsen skal ha vore avgjerande for at det enda som det gjorde. I Vestavind frå 11. juni 1992 takkar mannskapen dei friviljuge for samarbeidet. Dei understrekar at utfallet ville ha vore eit heilt anna utan den absolutte dugnadsånda i folket:

«Me vil med dette retta ein stor takk til alle utkommanderte og friviljuge som deltok under sløkkingsarbeidet ved den store skogbrannen i Sveio. Under den til tider umenneskelege innsatsen som vart lagd ned, ville det ha enda i ein mykje større katastrofe. […] Ein kan tilfreds konstatera at ein lukkast i å berga menneskeliv og hus, ein har også unngått alvorlege personskadar», uttrykte lensmann Kåre Ravn Ottesen, brannsjef Ove Røys, varabrannsjef Hjalmar Lokna og ordførar Magnus Skåden gjennom den vesle Vestavind-appellen sin.

Foto frå 1992, natt til 3. juni på Hope. Brannen nådde Hope 6-7 timar etter at han starta i Bårvåg.

Den no pensjonerte brannsjefen Ove Røys minnest at sløkkingsarbeidet og førebygginga av ei potensiell oppblussing varte i mellom to til tre veker. Han hugsar òg at det bles godt denne dagen. Det var umogleg å sløkkja brannen på vanleg måte, og sløkkingshelikopter måtte difor hyrast inn.

På dette tidspunktet var Røys nettopp ferdig med brannsjefskulen, og han opplevde at sløkkingsarbeidet var eit stort logistisk ansvar.

— For å bruka eit språkleg bilete: Det var på mange måtar ein elddåp, seier Røys.

Ove Røys, tidlegare brannsjef i Sveio.

Trass i at brannhendinga både var tragisk og risikabel, fekk ho samstundes positive ettertidsverknader. Dagens brannvesen er nemleg godt utrusta til å handtera slike brannar no. Iallfall mykje betre rusta enn det var den gongen.

— Brannvesenet har hatt ei rivande utvikling dei siste 30 åra. I dag har me ein meir profesjonell og kompetent reiugskap, meir utstyr og større fokus på helse, miljø og tryggleik. I tillegg vert det gjennomført regelmessige skogbrannøvingar, presiserer Røys.

Hopsfjellet anno 2022

Med alle brannane som har funne stad i Sveio gjennom tidene, kan kommunen med rette seiast å leva opp til namnet sitt. Sveio kjem nemleg frå det norrøne sviða, som tyder «svidd mark» eller «stad som er skapt ved brenning».

Det er likevel ingen tvil om at skogbrannen frå 1992 er den største og mest dramatiske brannen Sveio har vorte utsett for i moderne tid.

Naturleg nok førte brannen med seg store endringar i landskapsbiletet. For å sjå korleis  re-etableringa av plantar, vegetasjon og dyreliv ville gå føre seg, vart det i 1998 oppretta eit naturreservat med namnet Hopsfjellet naturreservat. Meir enn 1600 mål av naturen i Hopsfjellet er med andre ord freda frå menneskeleg påverknad.

I dette området i Bårvåg starta brannen. Ingen visste at brannen kom til å leggja om lag 3000 mål i oske.

Så langt har forskinga vist at fure, lyng og bærartar etablerer seg raskare enn til dømes ulike typar mose. Mose har ikkje røter, og kan av den grunn ikkje overleva ein så kraftig brann som den Sveio fekk gjennomgå i 1992. No ser ein likevel tydelege tendensar til at mosen har funne vegen heim att til Hopsfjellet.

Powered by Labrador CMS