nyhende
Flaget til topps for Nipaståvo
Lørdag blei alle delane til Sveio si nye dagsturhytte frakta med helikopter frå kaien i Førde til området Emberlandsnipen, der Nipaståvo skal stå.
Hyttemodulane kom med båt til Førde sist måndag. Siste del av transporten gjekk med helikopter.
Eit arbeidslag frå Stad Kystbygg AS, som er leverandør av dagsturhytta, og som kom for å montera hytta, var først på plass. Deretter blei hyttemodulane, terrassemateriell, sanitæranlegg, og anna utstyr foke på plass.
Mange skodelystne
Dagsturhytta ligg på veg opp mot Emberlandsnipen, rundt 45 minuttars gange frå Stølen. Marit Persen Liknes, prosjektleiar for dagsturhyttebygginga i Sveio, fortel ho fekk med seg ein nydeleg soloppgang på vegen opp laurdag morgon.
Også representantar frå Auklandshamn bygdalag og folk frå andre plasser i kommunen, var møtt fram for å få med seg materialtransporten som starta rundt klokka 10.30.
I midten av desember i fjor blei fundamenteringsmateriellet til hytta transportert til fjells.
56 dagsturhytter totalt
Prosjektet «dagsturhytte» starta i Sogn og Fjordane, der har alle dei 26 kommunane fått hytter. Vestland fylkeskommune ønskte at alle dei nye kommunane i Vestland skulle få same hyttetilbodet, og har vidareført prosjektet. Stad Kystbygg AS skal levera totalt 30 hytter i Hordaland.
Nipaståvo
Namnet Nipaståvo blei bestemt etter ein namnekonkurranse. Det var Astrid Hovda og Lars Bua som fremma forslaget.
– Kva oppgåver står for tur framover?
– Først skal hytta gjerast ferdig innvendig og utvendig, terrasse skal byggjast og golvet inne skal oljast. Dette må ordnast før det er klart for å ta imot besøk. Det er Auklandshamn bygdelag som har teke på seg dette arbeidet, og laget har alt gjort mykje med å klargjera tomta, fortel Marit Persen Liknes. Ho skryt over alle dei frivillige som har jobba dugnad for å få prosjektet i hamn.
Opning i mars?
– Mange er nok spente på kva tid, og korleis opninga blir?
– Noko storstilt opning kan det neppe bli i desse korona-tider, men går alt som me håpar kan hytta stå ferdig i løpet av mars månad, opplyser prosjektleiaren for dagsturhyttebygginga i Sveio.
Ho minner om at alle er velkomne til å ta eigarskap ved å bidra på oppgåvene som ligg framover i tid, for å få hytta ferdig til bruk.
– Me ønskjer oss tova sitteunderlag og gode sokkar, som kan brukast av dei som besøker hytta. Så viss nokon vil bidra med dette, ville me sett stor pris på det, seier Liknes.