nyhende

Haugebanen (t.v.) er FK Haugesund sitt treningsanlegg i dag. Her kan det kome ny brannstasjon, og klubben vurderer no mellom anna nytt treningsanlegg i Sveio.FOTO: GOOGLE STREET VIEW
Haugebanen (t.v.) er FK Haugesund sitt treningsanlegg i dag. Her kan det kome ny brannstasjon, og klubben vurderer no mellom anna nytt treningsanlegg i Sveio.

FKH vurderer flytting til Sveio

FK Haugesund kan miste treningsbanen sin i Haugesund. No blir fleire alternativ vurderte, mellom anna i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

Haugebanen nord i Haugesund er treningsfeltet til FK Haugesund. I samband med utgreiing av ny brannstasjon i Haugesund er Haugebanen peika på som mogeleg lokasjon.

— Dette set fart på planane med å finne ein lokasjon for eit nytt treningsanlegg for oss, skriv dagleg leiar Martin Fauskanger i ein e-post som vart sendt ut til fleire nabokommunar 19. september.

Har vore på møte

Det var Haugesunds Avis som omtalte saka først.

No har kommunane hatt eit orienteringsmøte, kor også Sveio deltok.

— Kommunen var representert på eit møte. Me har ikkje konkludert, men vil gjere vurderingar ut i frå informasjonen me fekk der, seier kommunalsjef teknisk Kenneth Tollefsen til Vestavind.

Fleire mogelegheiter i Sveio

FKH, som per i dag har eit herrelag i eliteserien, eit damelag i 2. divisjon og fire akademilag har sjølv peike på Ekrene som eit mogeleg område. Ifølgje Tollefsen kan det vere mogeleg å også vurdere andre alternativ i Sveio kommune.

FKH har også nemnd Saltveit nord i Haugesund, Kolnes på Fastlands-Karmøy, Raglamyr i Haugesund og Skeiseid i Tysvær som aktuelle.

Synergieffektar

— Det planleggast jo fleire bustadar på Ekrene, vil det vere naturleg å sjå på eit treningsanlegg for FKH saman med eventuelle nærmiljøanlegg i området?

— Det vil vere naturleg å sjå på mogelege synergieffektar for lokalbefolkninga, seier Kenneth Tollefsen.

Reguleringsplanen for det nye bustadområdet Ekrene Vest skal etter planen opp til politisk handsaming før jul.

Powered by Labrador CMS