nyhende

Bua fergekaiBuavågFerjeBømlafjordTil kai i Buavåg siste gong som udøypt
Det norske ferjeselskapet Fjord1, der«Bømlafjord» er ei av ferjene, får nye, utanlandske eigarar.

Fjord1 er selt til to utanlandske fond

Ferje- og hurtigbåtselskapet Fjord1, som har nesten halvparten av dei norske ferjene, er seld til dei to europeiske fonda Dif Capital Partners og EDF Invest.

Publisert Sist oppdatert

Selskapet er eigd femti-femti av Havila Holding og Vision Ridge Partners.

– Vi gjekk inn i Fjord1 med ein klar plan om å vere langsiktige eigarar. Ein del av det er også å vere ansvarlege eigarar, og det ansvaret har vi no teke ved å selje, seier Vegard Sævik frå Havila Holding i ei pressemelding.

Konkurransefaktor

Han grunngir salet med at kapitalkostnad blir ein viktig konkurransefaktor framover.

– Der har vi som norske eigarar eit handikap. Vi ønskjer å bli verande i Noreg, og skal vi halde fram med å vere her, så kunne vi for Fjord1 si skuld ikkje tvihalde på eigarskapen, seier Sævik.

Han meiner dei nye eigarane kan sikre Fjord1 konkurransekraft framover.

Administrerande direktør Dagfinn Neteland seier at han har eit godt inntrykk av dei nye eigarane og ser fram til å utvikle selskapet vidare i åra som kjem.

Lang prosess

– Det har vore ein lang og grundig prosess, der vi har opplevd stor interesse for selskapet frå ei rekkje aktørar, seier han i ei pressemelding.

Aksjane i «Fjords Tours», «The Fjords» og «Widerøe» ikkje er med i salet. Det er venta at prosessen blir sluttført i 2024.

Powered by Labrador CMS