nyhende
Fjernar nesten alle koronatiltaka
Vi kan seie farvel til både meteren og munnbind. Laurdag fjerna regjeringa omtrent det som var igjen av koronatiltak.
– Avstand mellom oss er ikkje lenger nødvendig. Meteren blir borte, vi fjernar det generelle rådet om å halde avstand.
Fjernar krav om munnbind
Det vart klart på pressekonferansen til regjeringa om koronatiltak laurdag.
Munnbindpåbodet vil no ikkje lenger vere gjeldande på til dømes offentleg transport, i butikkar eller på serveringsstader.
Sjølv om munnbind ikkje lenger vil vere påbode, blir ein tilrådd bruk av munnbind i nærkontakt med personar i risikogrupper dersom ein har forkjølings/luftvegssymptom.
Personar i risikogrupper og uvaksinerte blir òg tilrådde å bruke munnbind ute blant folk i periodar med mykje smitte, dersom det er vanskeleg å halde avstand til andre.
Fjernar påbod om isolering
Det vil ikkje lenger vere påbode å isolere seg dersom ein blir koronasmitta.
Det vart klart på pressekonferansen til regjeringa om koronatiltaka laurdag.
Regelen har vore at ein må isolere seg i fire dagar ved påvist koronasmitte, men dette blir no endra til ei tilråding.
Regjeringa opphevar trafikklysmodellen i skular og barnehagar. Elevar og tilsette går dermed tilbake til ein meir normal skule- og barnehagekvardag.
Barnehagebarn og skuleelevar treng heller ikkje lenger å teste seg sjølv om dei har symptom.
Kommunar har framleis høve til å ta trafikklysmodellen i bruk dersom dei meiner det er nødvendig.
Regjeringa reknar med at mange elevar og tilsette vil bli smitta i tida som kjem, og at høgt sjukefråvær kan bli ei utfordring.
– Eg veit at leiarar og tilsette i barnehagar og skular gjer sitt ytste for at alle barn skal få eit fullverdig tilbod, sjølv om situasjonen framleis er krevjande. Målet vårt er at alle skular og barnehagar skal komme tilbake til normal drift raskast mogleg, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).