nyhende

Verksemda eSEA Marine avsluttar i desse dagar oppryddinga på Eikeland.
Verksemda eSEA Marine avsluttar i desse dagar oppryddinga på Eikeland.

Fjernar eigarlause blåskjelanlegg langs kysten

Kystverket ryddar i desse dagar blåskjelanlegg frå fjordane i Vestland fylke. Så langt er 7,5 tonn marint søppel teke opp frå sjøen.

Publisert Sist oppdatert

Blåskjelanlegga har stått i sjøen utan eigarar og tilsyn i fleire år, og utgjer skjulte farer for både skipstrafik og miljø. Kystverket leiar no eit oppreinskingstokt på Vestlandet for å fjerna mange av desse. Kystverket har tidlegare køyrd liknande oppreinskingstokt saman med Fiskeridirektoratet.

Det flyt mange eigarlause blåskjelanlegg langs kysten. I haust har Kystverket ein stor oppryddingsaksjon, blant anna på Eikeland i Sveio.

– Me jobbar no med å fjerna ei rekkje av desse eigarlause anlegga. Blant desse eit blåskjelanlegg på Eikeland i Sveio kommune, anlegget har lege uverksamt i mange år og er til hinder for ferdselen i området. På denne lokaliteten skal oppryddinga vera ferdig denne veka, opplyser prosjektleiar Terje Andreassen i Kystverket.

Fare for skipstrafikken

Anlegga er etterlatne av konkursramma eigarar og har stått i sjøen i lang tid, og utgjer ein tryggleiksrisiko for både skipstrafikk, fritidsbåtar, miljø og fiskeri. Store mengder tauverk, kjetting og blåser blir no rydda og levert på godkjende avfallsmottak. All biomasse, i hovudsak blåskjelrestar, blir verande i sjøen.

– Gjennom dette prosjektet får me fjerna mykje marin forsøpling og forureining som ikkje synes frå overflata. Det er også funne langt meir enn kva det kartlegginga som blei føretatt i vår skulle tilseia, opplyser prosjektleiar Terje Andreassen

Feilslått satsing

Det såg lyst ut ved tusenårsskiftet. Blåskjeloppdrettarar kappast om å sikra seg vikar, holmar og skjær til det som skulle bli ei lukrativ næring. Men oppkjøparane pressa prisane ned, og det enda i konkurs for mange. Selskapa som ein gong eigde anlegga er sletta frå Brønnøysundregisteret og det finst ingen konkursbu med midlar til opprydding.

Finansiert av korona-midlar

Prosjektet er finansiert ved hjelp av korona-midlar, for å styrkja aktiviteten i bygg- og anleggssektoren samstundes som ein får utført viktige tiltak. Kystverket leier prosjektet, og har leigd inn verksemda eSEA Marine som har spesialisert seg på opprydding i havet og som står for sjølve operasjonen på Vestlandet.

Verksemda eSEA Marine som har spesialisert seg på opprydding i havet og som står for sjølve operasjonen på Vestlandet.
Powered by Labrador CMS