nyhende

– Tilpass fjellvitreglane til fjelløping, seier Jarle Bjørge Øverland, landsrådsleiar for hjelpekorpsa i Røde Kors. Foto: Katrine Holland
– Tilpass fjellvitreglane til fjelløping, seier Jarle Bjørge Øverland, landsrådsleiar for hjelpekorpsa i Røde Kors.

Fjelløping – den nye friluftstrenden

Nordmenn har alltid gått mykje i fjellet, men dei siste åra er det blitt stadig fleire som spring i staden. Fjellstøvlar blir bytte ut med lette løpesko, og trenden kjem frå Alpane.

Publisert Sist oppdatert

Populære fjelløp

  • Besseggenløpet, som arrangøren kallar «Noregs lugumaste springetur».
  • Norddal skyrace går frå fjorden og opp på fjellet Middagshesten (1380 meter over havet). Her kan ein velje mellom kort løye på 14–16 kilometer, og ein lang løype på rundt 19 kilometer. Dette er i Fjord kommune på Sunnmøre.
  • Stranda Fjord Trail Race: har fleire lengder. Den kortaste er 14 kilometer, så er det ein med 25 kilometer og ei rute på 48 kilometer. Løpet har vorte svært populært. Det går i eit krevjande fjellterreng med flott fjordutsikt mesteparten av turen.
  • Romsdalseggaløpet: Går over den kjende Romsdalsegga med start i Vengedalen og målgang i Åndalsnes sentrum. Spektakulær utsikt og krevjande terreng.
  • Tromsø Skyrace: Eit spektakulært løp. Løpet har fleire distansar, slik som Hamperokken Skyrace på 50 kilometer og 4400 høgdemeter, plus Tromsdalstinden Skyrace, 32 kilometer og 2000 høgdemeter. Det var verdsstjernene Killian Jornet og Emelie Forsberg som tok initiativet til løpet.
  • Lofoten High5 i Solvær: Løp/turmarsj over fem toppar rundt Svolvær med totalt 2000 høgdemeter. Spektakulær utsikt over Lofoten.
  • Meråker Mountain Challenge: Eit vandreløp over fleire dagar og ni toppar, med distansar frå 8,5 kilometer til 70 kilometer. Både mosjonistar og erfarne fjelløparar plar delta her.
  • Oppdal Fjellmaraton: Maratondistanse (42 kilometer) med 2200 høgdemeter, der 80 prosent av løypa går over skoggrensa i høgfjellsterreng.
  • Børvasstindan Classics. Rundt 30 kilometer og 1500 høgdemeter i området rundt Bodø. Variert og krevjande fjellterreng.

Andre populære turmål for fjelløparar er Trolltunga i Ullensvang i Hordaland, Preikestolen i Strand kommune i Rogaland, Gaustatoppen i Telemark, Galdhøpiggen i Jotunheimen, Kjeragbolten i Sandnes kommune i Rogaland, Aurlandsdalen i Sogn, Vidden mellom Fløyen og Ulriken i Bergen, Rallarvegen mellom Hol i Buskerud og Flåm i Sogn og mange fleire.

Fjelløping har vorte ein farsott både som mosjonsform og som konkurranseidrett. Det dukkar stadig opp nye spektakulære løp, og mange ynskjer å utfordre seg sjølve og naturen på denne måten.

Det er vanskeleg å finne eksakte tal på kor mange som driv aktivt med fjelløping, men vi får ein peikepinn ved å sjå på deltakarstatistikken. I år er det 11.000 påmelde til dei 107 ultraløpa i Noreg, og mange av løpa blir utselde lenge før start.

Gunhild Aaslie Soldal har drive med fjelløping i rundt ti år. Her frå ein vinterleg tur på ski.

– Fjelløping har vore veldig populært i Alpane i mange år. Men om sommaren er det svært mykje folk på stiane der, og det kan vere veldig varmt. Det har gjort at mange som dreiv med fjelløping der har trekt nordover. Her har det vore færre folk på stiane og ikkje så varmt. Det har smitta over på nordmenn, fortel journalist Gunhild Aaslie Soldal til Nynorsk pressekontor. Ho jobbar for Utemagasinet / Fri Flyt og har fjelløping som eitt av spesialfelta sine. Sjølv har ho drive med fjelløping dei siste ti åra.

– Spring med varsemd

Soldal stadfestar at det stadig er fleire som spring i fjellet, både med og utan startnummer. Og talet på løp i norske fjell er aukande. Mange av arrangementa kan tilby til dels spektakulær utsikt.

– Vi har eit fantastisk nett av turstiar over heile landet. Du er aldri langt frå nærmaste sti, så denne aktiviteten er veldig tilgjengeleg same kvar du bur, seier friluftslivsjournalisten.

– Trenden dei siste åra har vore fleire deltakarar på lange distansar. Før var det flest som deltok på halvmaraton, no er det fleire på maraton og ultramaraton. Vi er definitivt inne i ei løpebølgje, både i låglandet og i fjellet, seier Gunhild Aaslie Soldal.

Gunhild Aaslie Solldal i fint driv gjennom i Mørkridsdalen med Mørkridsfossen i bakgrunnen.

På spørsmål om ikkje fjelløparar er meir utsette for skadar enn andre, svarar ho både ja og nei.

– Løping er belastande, og det er lett å bli skadd om ein blir for ivrig. I fjellet må ein tilpasse seg meir og springe med varsemd, for viss ikkje er det lett å snuble eller skli. Då blir det langt heim. Likevel meiner eg at det er underkommunisert at det er meir skånsamt for kroppen å springe på ujamt underlag, samanlikna med å springe på asfalt, seier ho.

Det finst eit stort utval av gode terrengjoggesko som passar for denne typen aktivitetar.

– Det er fort gjort å bruke nokre tusen kroner på sko i året, men det er ein heller rimeleg og lite utstyrskrevjande aktivitet samanlikna med mykje anna, meiner ho.

Å finne flyten

– Folk har sprunge til alle tider. Det er artig å sjå at fleire oppdagar at det går an å få store naturopplevingar på denne måten. Nokre vil tenkje at det er synd å springe gjennom vakker natur. Mi erfaring er at eg legg endå betre merke til han. Er du ikkje merksam, kan det fort gå gale. Men når du finn flyten til fjells, er det ganske fint, seier Gunhild Aaslie Soldal.

Ho får støtte frå Lars Erik Skjervheim frå Voss, som er ein av veteranane innan fjelløping her i landet.

– Det å ha ein kropp som fungerer fint ute i naturen over lange distansar, er ei god oppleving. Det gir ei kjensle av fridom og ein ekstra dimensjon. Det handlar om å vere ein del av naturen, seier Skjervheim til Nynorsk pressekontor.

Han har alltid vore oppteken av polarhistorier og store bragder i naturen og synest det er meir naturleg å springe ute enn å trene på ei tredemølle inne på eit senter.

– Det å bevege seg på to bein i naturen har gitt meg mange flotte opplevingar, og etter kvart er det blitt stadig meir springing. Og eg oppdaga at eg hadde eit visst talent, og så balla det på seg.

Besseggen i Jotunheimen er populær også blant fjelløparar. Det årlege Besseggen-løpet går av stabelen i juli.

Ikkje fleire skadar

Det at stadig fleire spring langs steinete stiar eller i steinurer høyrest litt skummelt ut for mange. Men Lars Erik Skjervheim har ikkje inntrykk av at det er særleg mange skadar blant fjelløparane.

– Det er faktisk overraskande lite skadar. Det er sjølvsagt alltid eit dilemma kor mykje ein skal ha med seg, ein vil no helst springe så lettkledd som mogleg og utan særleg utstyr. Og ein er sårbar i fjellet.

Skjervheim meiner det handlar om rutine og erfaring, og om å kunne vurdere sine eigne evner.

Heller ikkje Røde Kors har tal som viser at det er fleire skadar i fjellet som følgje av løping. Det har rett nok vore ein auke i skadetalet dei siste åra, men det blir sett i samanheng med at det å bruke fjellet om fritidsarena har vorte meir populært.

Landsrådsleiar for hjelpekorpsa i Røde Kors, Jarle Bjørge Øverland, meiner at ein i hovudsak bør følgje Fjellvettreglane, og så tilpasse dei til løping og eiga form. Det er slike ting som å planleggje turen og å seie frå kvar ein skal.

– Det er også viktig å ha med seg naudsynt utstyr også på korte turar. Slikt som jakke, litt mat, drikke kart/GPS og mobil med fullada batteri. Bruk også kart og kompass, og ikkje stol berre på klokka, seier Bjørge Øverland og minner om at batteri og signal kan svikte.

– Tilpass fjellvitreglane til fjelløping, seier Jarle Bjørge Øverland, landsrådsleiar for hjelpekorpsa i Røde Kors.

– Kle deg for fjellet

Å vere ærleg mot seg sjølv om kva ein meistrar, spesielt i bratt eller teknisk terreng, er også viktig. Og ein bør kle seg for fjellet og ikkje for ei intervalløkt.

– Det kan redde deg om du skulle skade deg. Det kan ta tid før hjelpa kjem, og blir ein liggjande i fjellet i nokre timar i varierande vêr, blir ein fort kald, også om sommaren, legg Røde Kors-mannen til.

Jarle Bjørge Øverland oppmodar også til å snakke med folk ein møter, og at ein tek lærdom av lokalkunnskap.

– Og hugs. Om du snur i tide, får du springe ein annan dag også, avsluttar han.

Powered by Labrador CMS