nyhende

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.
Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.

Fiskesprell skal få barn og unge til å eta meir sjømat

Helsedirektoratet la i går fram ein rapport om utviklinga i norsk kosthald. Forbruket av fisk og sjømat har gått ned nesten 10 prosent sidan 2015, men har forandra seg lite det siste året. Me et vesentleg mindre fisk enn kjøtt.

Publisert Sist oppdatert

– Me har den beste sjømaten i verda, men likevel ser me at mange droppar fisk på tallerkenen. Det er ei utvikling me må snu. Me må satsa på dei yngre og visa at det er raskt og lettvint å laga gode sjømatmåltid, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i ei pressemelding.

SSBs Levekårsundersøkelse 2019 viste at delen som dagleg åt fisk auka med alder. I fjor åt drygt 50 prosent kjøttmat til middag minst tre gonger i veka, medan drygt 20 prosent åt fisk/fiskemat til middag minst tre gonger i veka.

Satsar på dei yngre

Barn og unge er ei viktig målgruppe i arbeidet med kosthaldsendringar. Samtidig er sjømatkonsumet spesielt lågt blant denne aldersgruppa. Eit av tiltaka i handlingsplanen er kosthaldsprogrammet Fiskesprell som skal få barn og unge til å eta meir sjømat.

– Det er overraskande lett å laga sunn, berekraftig og smakfulle mat med sjømat. Ein kan til dømes bruka torsk i tacoen og laks i pastaen. Eg har fått gode idear frå barn og ungdommar som deltar i Fiskesprellkonkurransen Kokkesprell, og eg gleder meg til å få fleire tips frå dei unge deltakarane. No er det viktig at fleire skular nyttar seg av gratis undervisningsmateriell og støtte til innkjøp av råvarer som blir tilbode gjennom Fiskesprell, seier fiskeri- og sjømatministeren

Powered by Labrador CMS