nyhende
Fiske og friluftsliv i begge endar av ferien
Reisa var planlagd å gå til både Oslo og Sverige, men etter ei veke på tur ville Modesta Kalinauskaite og Thomas Rudolf tilbake til fiskelukka og stillheita på Fjon.
For rundt to veker sidan reiste dei frå heimbyen Wuppertal i Tyskland. Med kano på taket, telt og fiskeutstyr i bagasjerommet la dei kursen mot Noreg. Det skulle bli camping, fiske, fossar og tid for seg sjølve, noko som passa ekstra godt nå i korona-perioden.
Paret likar seg godt i naturen, det er femte gongen dei brukar teltet på ferie. Før dei kom til Fjon var dei på Sørlandet, men her beit ikkje fisken så godt som dei skulle ønskt.
Dyrt med fisk
Fisk er viktig for tyskarar. Modesta forklarar at det ikkje er så vanleg å fiska i heimlandet. Dessutan er det kostbar føde.
– Derfor et me fisk for heile året medan me er i Noreg, smiler dei to.
Frå kanoen finn dei seg ein stad å trø i land, slenger ut snøret og er borte i timevis. Dei nyt det. Når dei kjem heim til campen blir det bålsteikt fiskefilet. Då Vestavind var innom, var det sei med dryss av sitronpepar som skulle stå på menyen.
Ei veke ved Ålfjorden
Reiseruta dei hadde planlagt var grovt rekna ein rundtur mellom Kristiansand, Voss, Oslo og Sverige, før dei igjen ville løysa ferjebillett i Kristiansand. Tidleg på turen, på veg mot Voss dukka Base Camp Ålfjorden opp i Google, her blei faktisk halve ferien.
– Me kunne ikkje funne ein betre plass. Her er det roleg og ikkje for mykje folk. Og badet her er finare enn vårt, spøkjer dei friluftsglade tyskarane, som etter opplevingar på Voss droppa Oslo og Sverige til fordel for Fjon.
Far til Thomas er i Noreg annakvart år, hovudsakleg for å fiska.
– Han åtvara meg mot kalde morgonar og kveldar, men det har ikkje me hatt. Sjå, brunfargen min er som om eg har vore i Spania, smiler han.
Både norske og utanlandske på Fjon
Då landet opna opp kunne også Base Camp Ålfjorden ta i mot bubilgjester. Først kom dei norske, sidan rant det på med utanlandske – dagen etter at grensa opna opp.
I 2020 var det mykje som ikkje blei som tenkt, heller ikkje for Nina Haara Matre og Nils Matre, som hadde sett veldig fram sesongstart og påsketuristar. Heldigvis var folk klare for å lufta seg seinare i juni, då dei første norske gjestene kom rullande. Då kunne campingplassar halde ope med fokus på smitteverntiltak. Sidan har det vore jamt besøk, men litt roleg juli, då det var mange våte dagar.
Kjem tilbake
– Sist helg hadde me 19 einingar, smiler Nina Haara Matre. Mange gjester er lokale – Stord, Bømlo, Karmøy og Tysvær er representert. Dei synest det er lunt og fint på Fjon. Fleire av dei som har blitt stamgjester, treng ikkje reisa langt for å vera på tur med bubilen.
– Sveibuen er også med og støttar opp, det er me så glade for, seier Nina.
Då grensene til Noreg og store delar av Europa opna i midten av juli, gjekk det ikkje lange stunda før campingen hadde sine første gjester frå Sveits.
– Dei kom i 12-tida den 16. juli, og hadde vore innom Preikestolen først. Utanlandske turistar har lett for å bli bergtatt, også av campingen vår, fortel Nina. Besøkande får også tilgang på diverse utstyr til sjøen medan dei er gjester, noko som blir verdsett.
August i år har blitt rekordmånad for campingen, som har blitt drive i snart 14 månadar. I vekedagane har det vore mellom 8 og 12 einingar.