nyhende
Fire sveibuar på stortingsvallister
Fire av medlemmene i formannskapet i Sveio er å finna på ulike lister til stortingsvalet i haust. Ingen av dei har sjanse til ein plass på Løvebakken i denne omgang.
Distriktsvalstyret i Vestland godkjende onsdag 18 vallister i Hordaland valdistrikt og like mange i Sogn og Fjordane valdistrikt. På listene for Hordaland finn me i alt fire sveibuar. Kandidatane sine bustadkommunar er ikkje oppgitt på alle listene.
Jarle Jacobsen
Tidlegare varaordførar, no kommunestyrerepresentant og formannskapsmedlem Jarle Jacobsen (KrF) har den høgaste plasseringa med ein 8. plass på KrF si liste. Men partiet har berre ein representant frå Hordaland på tinget i dag. Joel Ystebø frå Bergen står øvst på årets valliste. På andreplassen står Harald Rydland frå Fitjar.
Linn Therese Erve
Tidlegare ordførar, no kommunestyrrepresentant og formannskapsmedlem Linn Therese Erve (Ap) står på 15. plass på partiet si valliste i år. Ap har fire representantar frå Hordaland på tinget denne perioden. Kulturminister Lubna Jaffery frå Bergen toppar den nye lista. Ingen av dei fem første kandidatane på årets liste kjem frå Sunnhordland.
Ruth G. Ø. Eriksen
Ruth G. Ø. Eriksen (Frp), tidlegare ordførar og no varaordførar, står på 16. plass på lista denne gongen. Frp har to stortingsrepresentantar i inneverande periode. Stortingsrepresentant Helge André Njåstad frå Austevoll står på 1. plass på årets liste. Neste sunnhordlending er stordabuen Reinert Svanberg på 6. plass.
André Mundal Haukås
Sveioordførar André Mundal Haukås (H) står på 18. plass på Høgre si liste til valet i haust. Statsministerkandidat Erna Solberg frå Bergen toppar lista. Første sunnhordlending på lista er stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland frå Stord på 4. plass. Høgre har fire representantar på Stortinget i inneverande periode.
16 plassar i dag
Hordaland valdistrikt har i alt 16 representantar på Stortinget i dag. I tillegg til dei som er nemnde, har Senterpartiet to representantar, SV ein, Raudt ein og Venstre ein.
I tillegg til dei partia som er representerte på Stortinget i dag, stiller desse til val i Hordaland til hausten: Fred og Rettferdighet (FOR), Generasjonspartiet, Industri- og næringspartiet, Konservativet (tidlegare De Kristne), Miljøpartiet Dei Grøne, Norgesdemokratene, Partiet DNI, Partiet Sentrum, Pensjonistpartiet og Velferd- og innovasjonspartiet.