nyhende

87 prosent av befolkninga seier det er greitt å få brukte julegåver. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
87 prosent av befolkninga seier det er greitt å få brukte julegåver.

Fire millionar nordmenn vil ha brukte julegåver

650.000 planlegg å kjøpe brukt julegåve i år. Her er tipsa for å lukkast med brukthandelen.

Publisert Sist oppdatert

Nordmenn omfamnar bruktjul. Finns årlege julegåveundersøking viser at 4 millionar nordmenn, eller 87 prosent av befolkninga, seier det er greitt å få brukte julegåver. Dette er det høgaste talet bruktnettstaden nokon gong har målt, skriv dei i ei pressemelding.

650.000 planlegg å kjøpe brukt julegåve i år. Av dei spurde seier 32 prosent at dei veit at dei har fått ei brukt julegåve. Kvinner og 30-åringar er dei mest aktive bruktgjevarane. Halvparten av dei spurde kjøper brukt av miljøomsyn, medan 36 prosent vil handle brukt fordi dei trur mottakaren vil setje pris på noko unikt.

30 prosent handlar brukt for å spare pengar. Blant dei i 30-åra seier 57 prosent at økonomien speler ei rolle. Oslo skil seg tydeleg ut som den mest positive regionen, der 67 prosent seier miljø er hovudårsaka til å handle brukt.

Det vil sikkert liggje brukte gåver under juletreet også i år. Halvparten av dei spurde kjøper brukt av miljøomsyn, medan 36 prosent vil handle brukt fordi dei trur mottakaren vil setje pris på noko unikt.

Slik lykkast du med brukte gåver

  • Spør kva folk ønskjer seg – du vil bli overraska over kor mange som heller vil ha brukt enn nytt. Du kan også finne topplister med forslag til brukte julegåver frå Finn i Ønsk-appen.
  • Lagre søk på det du ser etter.
  • Bruk betalingsløysinga til Finn Torget, der både kjøper og seljar er forsikra. Be gjerne om fleire bilete eller kvittering, og unngå å handle utanfor plattforma om de ikkje skal møtast personleg.

Kjelde: Kathrine Opshaug Bakke/Finn

Powered by Labrador CMS