nyhende

Fire MC-ulykker i starten av sesongen

Det er mange vårteikn, og dei fleste av den hyggelege sorten. Brannvesenet sitt sikraste vårteikn er utrykking til ulykker med motorsykkel.

Publisert Sist oppdatert

I fjor rykka Haugaland brannn og redning IKS ut til 22 ulykker med moped eller motorsykkel. I år har det vore fire MC-ulykker allereie, og det bekymrar brannsjef Dag Botnen.

– For bilar har ein fått ned ulykkesstatistikken mykje, men for moped og MC har tala lagt på om lag det same dei siste 30 åra. Kva ein må gjera er ikkje så enkelt å vita, men eg trur det er viktig å gjera folk medvitne. Ikkje berre MC-folket, men alle som ferdast på vegen. Trafikk er samspel, og då må me ta omsyn til kvarandre, seier Botn.

Ei av ulykkene i Sveio

Ei av MC-ulykkene skjedde i Valvåg 1. mai då ein MC køyrde inn i ein anna MC bakfrå. Same dag var ein MC i Etne borti ein lastebil før MC-en kvelva.

29. april var det ein samanstøyt mellom ein MC og eit rådyr i Vats. Den mest alvorlege ulykka i høve til skadeomfang, skjedde 21. mars då ein MC kolliderte med ein bil i Kvalavåg på Karmøy.

Mange alvorlege ulykker

– Situasjonen er dessverre ikkje betre på landsbasis både i høve til tidlegare år og starten på årets sesong. Det har vore mange alvorlege ulykker på kort tid, seier Botnen.

Statens vegvesen er også bekymra, og kom med ei oppdaterng torsdag. Berre i starten på mai er 4 personar omkomne i MC-ulykker

I fjor døydde 20 personer på MC, nesten 20 prosent av det totale talet trafikkdrepte. 14 av desse omkom i utforkøyringsulykker. 142 personar blei hardt skadd, mange med varige mén.

Botnen har sjølv hatt MC i 36 år, men valde å selja sykkelen i vår.

– Eg skjønar godt gleda og kjensla av fridom det er er å setta seg på sykkel og køyra ein tur. Samstundes er det viktig å ta inn over seg at 1 av 5 dødsulykker i trafikken skjer med motorsyklar og mopedar, og blant dei skadde er den yngre og eldre garde overrepresentert. Den vanlegaste årsaka til ulykker er utforkøyring, gjerne kombinert med høg fart, seier brannsjefen.

Gode råd frå dei som rykker ut

Haugaland brann og redning kjem med nokre gode råd til motorsyklistar og mopedistar som det kan vera verd å lesa:

  • Gjer deg synleg i trafikkbildet og bruk gjerne gul vest. Ikkje ta for gitt at andre bilistar ser deg. Respekterer vikeplikt eller gjer på annan måte det som er venta i trafikken.
  • Ver ærleg med deg sjølv om ferdigheitene dine som motorsyklist. Det er anbefalt å gjennomføra oppfriskingskurs om det er lenge sidan forrige køyretur.
  • Tilpass køyringa til vegforholda, og ver obs på våt vegbane, grus og hindringar. Hugs at fart er proporsjonalt med risiko. Framfor ein sving bør du senka farten for å kunna halda den gjennom heile svingen.

Ingen har meir rett enn andre

Til alle som er i trafikken har dei følgande melding:

Hugs at vegen er ein stad der me passerer kvarandre i høg fart med ein meters avstand. Det er ein krevjande plass å vera, og kan til tider opplevast som kaotisk.

Skal dette fungera, må me alle erkjenna at ingen har meir rett enn andre til å vera her. Dette fungerer berre fordi du og eg skjønar at me må ta omsyn til kvarandre for at alle skal kunna ferdast trygt. Me må akseptera at me har ulik føresetnader for nettopp dette.

Powered by Labrador CMS