nyhende

Fire mål i thriller på grasbanen

Martin Sydnes (21) var «on fire», men ein sein Sauda-straffe snytte han for matchvinnarstatus og Sveio IL for to poeng i året første heimekamp.

Publisert Sist oppdatert

Kampfakta

Fotball, 6. div. menn

Sveio  – Sauda 2-2 (1-1)

Mål: 0-1 Leo André Sæterlid Markhus (10. min), 1-1 Martin Sydnes (25. min), 2-1 Martin Sydnes (75. min) 2-2 (str. 89. min)

Dommar: Morten Johannessen, Åkra IL

— Det er surt å ikkje bli matchvinnar i denne kampen, seier Martin Sydnes.

SVEIO – SAUDA 2-2 (1-1):

21-åringen scora sine to første mål i år då Sauda kom på besøk i det som var Sveio sin første heimekamp for sesongen.

Men sjølv om poengtap heilt på tampen vart surt, så vil nok ei nøytralt auge kunne hevde at det ville vore eit aldri så lite ran om Sveio hadde fått alle tre poenga, i det som etter kvart vart ein liten 6. divisjons-thriller.

Sauda hakket betre

For dei om lag 30 tilskodarane som kosa seg med kaffi og mat frå grillen framfor sambrukshuset, fekk sjå at gjestene frå Sauda var hakket meire påskrudd enn heimelaget i store delar av kampen. Og det var Sauda som tok ei fortent leiing etter cirka eit kvartets  spel i første omgang.

Men Sveio kjempa særs godt i forsvar, og fekk blokkert fleire farlege Sauda-forsøk. Og med ein konstant kjempande og løpsvillig Martin Sydnes i angrep, kom mogelegheitane. Og det var langt ifrå ufortent at det var nettopp han som utlikna etter å ha kjempa til seg ballen, finta ut Sauda-målvakta og plassert ballen trygt i nettet.

10 minuttar før ordinær speletid var over viste han seg på ny som ein målsnik, og Sveio-gjengen kunne juble over å ha snudd kampen.

Men nokre minuttar seinare blæs dommaren straffe til Sauda. Den vart sett i mål, og det var spelemessigt helt greitt at Sauda hadde utlikna.

Og gjestane kunne fort fått sigeren om ikkje ein Sauda-spelar hadde bomma på ballen etter ein corner på overtid.

Har tru på laget

Martin Sydnes var litt skuffa over at Sveio ikkje fekk meir til i banespelet sitt, men er likevel ikkje skremt over at Sveio står med berre to poeng etter tre kampar. Tvert om.

— Me har vore gode på trening, og det er synd at me ikkje fekk vist det fram i dag, seier han.

— Eg har ikkje gitt om håpet om at vi kan rykke opp, seier han.

Han viser til at Sveio har fleire småskada spelarar, og når også broren Erik byrjar å finne fram til nettmaskane på vanleg måte, meiner han at dei raude skal bli tøffe å ta poeng frå.

— Også har me ikkje spelt mykje på gras i år, så det blir nok betre etter kvar, legg han til.

Falkeid borte neste

Men skal Sveio klatre på tabellen, må dei slutte med å la sigrar som ligg i lomma forsvinne. No har det skjedd i to kampar på rad. Sist gong leia dei 3-0 borte mot Trott 2, i ein kamp som enda 3-3.

Sveio får ein tøff oppgåve allereie 19. mai. Då møter dei Falkeid, som står med to strake sigrar på sine første to kampar, på bortebane i Tysværvåg.

Tabbel 6. div fotball, menn:

Powered by Labrador CMS