nyhende

Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.
Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.

Fire fleire heilt arbeidsledige i Sveio

I mai står 1,1 prosent av arbeidsstyrken heilt ledig i Sunnhordland. Det er ein nedgang på 62 heilt ledige personar i høve april månad.

Publisert Sist oppdatert

I Sunnhordlanderdet i mailågast arbeidsløyse i Stord og Fitjar kommune, begge 0,8 prosent. Snittet for heile Sunnhordland er på 1,1 prosent, som er lågare enn gjennomsnittet for både Vestland(1,7) og landet(1,9 ).

For Sveio sin del auka prosentdelen frå 1,0 i april til 1,2 i mai. Det vil seia at det gjekk få 29 heilt ledige i april til 33 i mai.

Tilbake til stabilt låg

– Me er attende i ein situasjon med stabilt låg arbeidsløyse i Sunnhordland, etter ein liten auke i starten av året som eit resultat av mellombels permittering. Det har dei to siste månadane vore noko fleire langtidsledige, altså ledige som har vore registre i 26 veker eller meir, og me følger situasjonen tett, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.

I same periode har NAV registrert 413 ledige stillingar. Dette er ein nedgang på 116 stillingar i høve april, skriv NAV region Sunnhordland i ei pressemelding.

– Denne månaden har årets høgast tilgong på stillingar per verkedag. Med andre ord er der mange ledige stillingar i den lokale arbeidsmarknaden – heile 91 fleire enn talet heilt ledige i regionen vår, seier Lægreid

Seks prosent legemeldt fråvær

Nyleg kom NAV med oppdaterte tal sjukemelte for første kvartal. For Sunnhordland er det legemeldte fråværet seks prosent av avtalte dagsverk.

– Talet sjukemeldte går noko ned i Sunnhordland, mot første kvartal i fjor. Me lyt sjå dette i ein heilskap: me har særleg låg arbeidsløyse i regionen, og bedriftsundersøkinga viser at 17 prosent av verksemdene har hatt store utfordringar med å få tak i ønska kompetanse, seier Læreid og legg til:

– Verksemdene må arbeida godt og systematisk for å halda så mange som råd i arbeid, og samstundes kjenna til at dei kan få hjelp hjå NAV for å rekruttere. Vår vurdering er at mange kan ta seg arbeid med litt hjelp, eller litt tilrettelegging, seier Lægreid.

Fleire graderte sjukemeldingar

På same tid viser Lægreid til at talet som er gradert sjukemeldt veks i Sunnhordland. Meir enn kvart femte sjukefråværstilfelle er gradert. Noko som er det høgaste i første kvartal på fleire år.

– Dette viser at fleire arbeidsplassar allereie gjer ein innsats med å legge til rette for tilsette som har helseplagar. Denne trenden må halda fram, då det bidreg til betre helse for dei tilsette og redusert kostnad for verksemdene. I tillegg trur me legane gjer enda betre vurderingar, seier Lægreid.

Powered by Labrador CMS