nyhende
Fire dagar med bispevisitas
11. september startar Ragnhild Jepsen, biskop i Bjørgvin bispedøme ein omfattande visitas i Sveio. Programmet famnar breitt, frå kyrkjelege ting til bedriftsbesøk og skulebesøk. Det er 14 år sidan sist Sveio hadde bispevisitas.
– Eg gler meg, og trur det blir eit veldig fint besøk i Sveio, seier Jepsen.
Ho var domprost i Nidaros bispedøme før ho blei vigsla til biskop i Bjørgvin i april i fjor, og bispevisitasen i Sveio er den første i Bjørgvin.
Siste visitas for prosten
– Det er mykje å setta seg inn, og eg har brukt året til å bli kjend med bispedømet før den første visitasen. Men eg har besøkt alle prostia, og har vore i Sveio før. Då var det prestevigsle av Runar Larsen.
At Sveio blir første visitas, heng også saman med prosten i Sunnhordland, Svein Arne Theodorsen.
– Eg får med meg ein svært røynd prost. For meg var det viktig å besøka Sveio før Theodorsen går av med pensjon i oktober, seier biskopen.
Omfattande program
Visitasen varer i fire dagar, og har eit omfattande program frå tidleg morgon til sein kveld.
– Ein visitas følger ein slags mal med fokus på det kyrkjelege. Samstundes er det fridom til å legga til andre ting. Eg ønsker å bli best mogeleg kjent med Sveio, og skal mellom anna på bedriftsbesøk, omsorgssenteret, skulen, kommunen, Gjenbruksløa og Ryvarden. Og så gler eg meg veldig til kulturkvelden i Valestrand kyrkje, seier Jepsen.
– Me har høyrt rykter om at biskopen skal synga der?
– Eg har visst slengt med leppa tidlegare, ler Jepsen, og legg til:
– Eg trur svaret må bli at me får ta det som det kjem.
Prostidag
Vestavind har sett heile programmet, og det biskopen sjølv nemner, er berre litt av det ho skal delta på. Visitasen startar med nattverdgudsteneste med staben i Sveio kyrkje om morgonen 11. september og blir avslutta med kyrkjekaffi på Soknehuset søndagen.
I løpet av dei første tre dagane står mellom anna stabsmøte, samtalar med prestar, kykjeverje, soknerådsleiarane og samrådingsmøte med sokneråd på planen. Det er også ein prostidag på Sveio soknehus med stabane i Sunnhordland, og dagen blir avslutta med prostigudsteneste.
Visitasforedrag
– Kva skal du gjera laurdagen?
– Då skal eg ta inn over meg inntrykka så langt og førebu visitasgudstenesta i Sveio kyrkje, og ikkje minst visitasforedraget som eg skal halda under kyrkjekaffien etter gudstenesta. Der vil eg oppsummera det eg har sett og opplevd dei første tre dagane, og koma med oppfordringar og nokon ein bør satsa på i vidare arbeid, seier biskopen.
Ein bispevisitas betyr også mykje arbeid for dei som får besøk.
– 2010 var sist Sveio hadde bispevisitas, og me gler oss. Ein slik visitas innber mellom anna at kyrkja i Sveio ser på kva me har gjort, men også på kva me ønskjer å gjera framover. Dette blir nedfelt i ein omfattande rapport som biskopen får, seier sokneprest Arild Steinsland, som synes det er stas at Sveio blir historisk neste veke.