nyhende
Fire braut fartsgrensa på Haukås
113 kilometer i timen i 80-sona var den høgaste farten som blei målt under ein trafikkontroll på Haukås tysdag føremiddag.
I alt blei fire fartssyndarar stoppa under kontrollen, som varte frå 09.00-tida til han brått blei avbroten då UP valde å leggja seg på hjul etter ein bil med uleseleg skilt.
Høgaste fart vart målt til 113 km/t i løpet av kontrollen.
– 113 km/t kvalifiserer til eit gebyr på 15.200 kroner og tre prikkar i førarkortet, opplyste politibetjent Idar Helland då me snakka med han under kontrollen.
– Mykje fin køyring
I tillegg til fartsmåling i 80-sona sør for Haukås, blei 175 køyretøy stoppa for promillekontroll. Ingen av blåseprøvane avslørte ruskøyring. Ingen førarar blei heller avslørte for ulovleg bruk av mobiltelefon.
– Alt i alt var det roleg trafikk og mykje fin kjøring denne dagen, seier førstebetjent i UP Kjetil Nesbu i ei oppsummering etterpå.
3. gong på åtte dagar
Kontrollen på Haukås tysdag var det tredje på E39 gjennom Sveio i løpet av åtte dagar. Måndag i sist veke blei 18 førarar tekne for brot på fartsgrensa i 60-sona gjennom Førde. Onsdag i same veka var UP på plass igjen same stad og avslørte då 32 ny brot på fartsgrensa.
Etter dei to kontrollane i Førde lova områdeleiar i UP Malvin Kvamme at det ikkje ville gå lang tid til neste kontroll.