nyhende
Fire av ti gutar skeptiske til likestilling
Fleire gutar er skeptiske til likestilling, og kunnskap om demokratiet vert stadig dårlegare. Problemet er komplekst, meiner forskarane.
Studien ICCS målar kor mykje niandeklassingar i Europa kan om tema kring demokrati og medborgarskap. I ei ny analyse og samanlikning av tala frå 2016 og 2022 kjem det fram at norske ungdomar kan mindre om demokrati enn før, og at norske gutar vert stadig meir skeptiske til likestilling.
Det melder Gemini.
Størst tilbakegang i Noreg
Nesten 5.700 niandeklassingar svarte på undersøkinga i 2022, og tala er nedslåande. Professor ved institutt for lærarutdanning ved NTNU, Oddveig Storstad, oppsummerer:
– Elevar i Noreg har størst tilbakegang av alle dei 15 landa som var med i undersøkinga i både 2016 og 2022, slår ho fast.
I 2016 svarte til dømes 78 prosent av gutane at dei var «særs samde» i at kvinner og menn skulle ha like rettar. I 2022 var det talet nede i 61 prosent.
Digitale media
Storstad nemner fleire moglege årsaker til fenomenet, men trur digitale media har mykje å seia.
– Me ser at det å vera politisk aktiv digitalt og ha høg lit til sosiale media er det som forklarar nedgangen i støtte til likestilling blant gutar frå 2016 til 2022. Det er relativt lite forsking på korleis influensarar påverkar politiske meiningar og haldningar hos unge, men vår analyse indikerer at det er ein samanheng her.
Storstad trekkjer også fram ting som auka skjermbruk, overarbeidde lærarar og stad meir individualisert opplæring.