nyhende
Finpuss på ei stolt skøyte
Det er ei nymåla og stolt gamal skøyte frå Sveio som i dag siglar inn Smedasundet for å ta del i Havnedagane i Haugesund.
Det tøffar livleg frå motoren og tynn blå røyk siv ut frå skorsteinen til den gamle fiskeskøyta «Nyfalken» når Vestavind tilfeldig køyrar gjennom Liereid ein godvêrsdag forleden.
— Det er berre å kome om bord, om du vil sjå, seier Terje Lier.
Han er ein av fire karar som denne dagen er i gang med pussing og måling av rekka på skøyta. På dekk er også Eivind Østebøvik Eriksen, Per Vestvik og Willy Mjånes.
Båten er frå 1952, og var den sjette av sitt slag som vart bygd på båtbyggeriet til Ola og Knut Lindås, eit lite garnhiv lengre ut i bukta. Båten var ein av dei siste som vart bygd i Liereid. Då silda i praksis forsvann, på slutten av 50-talet, vart det kroken på døra, som så for mange andre båtbyggarar langs kysten.
Ifølgje Lier var den 50 fot store skøyta i si tid bestilt av eit reiarlag på Nordvestlandet, og utstyrt med kanon i front for å jakte på brugder. Seinare skal den ha gått på linefiske og snurrevad.
— Då me overtok ho, var ho utstyrt for makrelldorging, fortel han.
Redda i siste liten
Etter om lag 50 år i teneste gjekk «Nyfalken» ei uviss framtid i møte. Kvotane var for lengst overtekne av eit anna reiarlag. Ein trebåtentusiast ana uråd då han fekk nyss i at skøyta låg i Ølensvåg, truleg klar til å bli kondemnert om ingen ville ta over den.
Han tipsa Sveio Kystlag. Etter å ha undersøkt litt, la dei 35.000 kronar på bordet, og fekk hand om båten, i 2007.
— Om den ikkje var bygd lokalt hadde me nok ikkje brydd oss, seier Lier.
Skøyta viste seg elles å vere i dårlegare stand enn dei trudde.
— Styrhuset, for eksempel, var det berre mold igjen av, fortel Lier.
Men med støtte frå ymse organisasjonar, og eit utal dugnadstimar seinare, er det ei flott skute som speglar seg sjølv i spegelblank sjø denne dagen.
— Det er Sveio si stoltheit no, meiner dei.
Nyutdanna styrmann
For å få båten i stand er det i løpet av året betalt ut til saman godt over ein million kroner. I tillegg kjem dugnadsarbeid.
Nøyaktig kor mange timar dei har lagt ned i båten dei 15 åra dei har stelt med den er ikkje godt å seie. Men det er mange.
— Skulle dei timane vore betalt, snakkar me nok om ein million til, seier Eivind Østebøvik Eriksen.
Han er yngstemann i dugnadsgjengen, og kan fortelje at dei akkurat har snudd skøyta, for å kunne legge på eit nytt lag med maling.
26-åringen er vant med båt.
— Eg er fødd i 1995, same året som kystlaget vart etablert. Eg har hengt med pappa (Eirik Eriksen, red merknad) her sidan eg var 13, og synes det er kjekt å vere med denne gjengen. Det er mange gode historier som blir fortalt når me møtast, ler han.
For to år sidan sto han sjølv med styrmannsbeviset i handa etter fullført utdanning ved Høgskulen i Haugesund. Til dagleg manøvrerar han bøyelastaren «Scott Spirit» mellom Nordsjøen og Europa med olje. Med ein turnus kor han er fire veker på og fire av, blir det god tid til å drive dugnad på «Nyfalken.»
— Eg er sjeldan heime så lenge før telefonen kjem, humrar han.
Og det trengs. For utanom Eivind er det stort sett dei som var med og etablerte kystlaget, i 1995, som framleis gjer dugnad på båten. Mykje grått hår, med andre ord. Rekruttering er så der, innrømmer dei.
— Men eg har no fått med meg ein kamerat inni mellom, og håpar fleire i den yngre garde kjem til. Det må jo skje, skal kystlaget overleve, slår han fast.
Nytt styrhus
I løpet av dei siste åra har «Nyfalken» mellom anna fått nytt styrhus og nytt fremre dekk.
Dugnadsgjengen til kystlaget tek det enkle vedlikehaldet sjølv. Ei ny kappe over fremre lugar har dei også bygd sjølve. Dei mest avanserte jobbane bli satt ut til ekspertar. Styrhuset var det til dømes Ryfylke Trebåtbyggeri som sette opp. I tre, naturlegvis, som det var originalt.
— Det er for mange slike båtar som er øydelagt av aluminium og anna, seier Terje Lier.
Kappa over lugaren framme har dei bygd sjølve.
Havnedagane
Nyfalken skal vise seg fram for publikum under Havnedagane i Haugesund denne helga, og skal etter planen delta i konvoien for veteran-fartøy allereie i etttermiddag. Det er den einaste «langturen» denne sesongen. Nokre i kystlaget draumar om å gå med skøyta til Shetland. Det vil ta dryge eit og heilt døgn å leggje bak seg dei 250 nautiske mila dit.
— Men då må me først få nye lugarar på plass. Dei vart rivne for å kome til for å fornye noko treverk nyleg, fortel dei.
Og dieselprisen bør helst gå noko ned. I motorrommet står ein Volvo Penta frå 1976. Den drikk fort 60 liter diesel i timen. Kostbart i desse tider, og journalisten spøker med at ein elmotor kanskje hadde vore betre.
— Ja, då er i alle fall sjarmen vekke, slår Lier fast.
— Ja, og folka her også, seier Willy Mjånes skråsikkert.