nyhende
Filma elg på epleslang
Måndag kveld gjorde Sara Vikse videoopptak av ein elg i hagen deira på Tveit i Sveio.
– Eg og mannen min slappa av på sofaen då han tilfeldigvis kikka ut vindauget. «Kva i…hæ?» utbraut han før han ba meg om å kikka ut. Der såg eg altså elgen som forsynte seg av epletreet vårt. Me ropte på barna som også fekk sjå elgen, fortel Vikse til Vestavind.
– Kul oppleving
Med så mange tilskodarar innanfor vindauget blei det visst i meste laget for skogens konge, som trekte seg tilbake og sprang inn i skogen.
– Ein ventar jo ikkje å sjå noko slikt her i Sveio, så det tok ei stund før hjernen godtok at dette ikke berre var feberfantasi. Ei kul oppleving var det i alle fall, seier Vikse.
Truleg same dyret
Etter ei rekke observasjonar av elgen både i Tysvær og Haugesund, er det no fleire teikn på at det store dyret har sett kursen nordover. Alexander Tveit fortalte til Haugesunds Avis måndag at han ved 09.00-tida same dag såg elgen symja over Kalandsvatnet ved fylkesgrensa.
Dagfinn Fagerland Bjørge, som er rådgjevar innan landbruk med særskilt ansvar for viltforvalting innan Sveio kommune, reknar det som sikkert at elgen som blei observert på Tveit og tidlegare på dagen ved Kalandsvatnet, er den same som har vist seg fleire stader i Haugesund dei siste dagane.
Det er snakk om ein okse på rundt to og eit halvt år. Han ber folk melda frå til viltnemda dersom han dukkar opp andre stadar i kommunen.
Opptre roleg
– Korleis bør folk opptre om dei møter på elgen?
– I utgangspunktet er han ikkje farleg, men det kan vera lurt å ta det med ro og ikkje vera for nærgåande. Det kan bli ei flott naturloppleving og fine bilde om ein har telefon eller kamera tilgjengeleg, seier Bjørge.
Han reknar med at det kan vera eit streifdyr frå Suldal, der det finst ei lita elgstamme, eller frå Hardanger. Elgen er ein sær skapning som likar seg best åleine. Dei er mest aktive på dagtid, fortel Bjørge vidare.
– Slike streifdyr dukkar opp her hos oss med jamne mellomrom. For rundt fem år sidan blei ein elg observert fleire gonger og filma i Auklandshamn. Tidlegare har det også vore fleire observasjonar, mellom anna då ein fiskar møtte på ein symjande elg i Førdespollen. Ein gong blei ein død elg funnen i nærleiken av det som i dag er Valestrand oppvekstsenter.
Politiet trappar ned
Politiet har følgd elgen tett så lenge han var å sjå i sentrum av Haugesund.
– Dei siste meldingane me har fått er to observasjonar ved Kalandsvatnet måndag føremiddag. No er oppdraget lagt ned frå vår side, seier vaktsjef ved Haugesund politistasjon Dan Magne Gaard.
Når elgen no etter alt å døma er ute av sentrumsområdet, er heller ikkje politiet så opptekne av å få meldingar om nye observasjonar, seier Gaard.