nyhende

Torsdag kunngjer regjeringa kva tiltak vi skal leve med framover:

Nesten to år ut i pandemien handlar det no om å treffe balansen mellom gunstig smittespreiing og sjukdoms- og tiltaksbyrde, meiner avdelingsdirektør Line Vold ved FHI. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Nesten to år ut i pandemien handlar det no om å treffe balansen mellom gunstig smittespreiing og sjukdoms- og tiltaksbyrde, meiner avdelingsdirektør Line Vold ved FHI.

FHI: – Viktigast å finne balansen

Omikronbølgja gir ei gyllen moglegheit til å byggje immunitet i befolkninga, meiner FHI. Men faren er at sjukdomsbyrda og belastninga på helsevesenet blir for høg.

Publisert Sist oppdatert
NTB-NPK: Det er FHIs hovudbodskap dagen før regjeringa torsdag skal kunngjere kva koronatiltak vi skal leve med dei neste vekene.

I den siste risikorapporten sin slår Folkehelseinstituttet fast at delar av grunngivinga for kontaktreduserande tiltak har falle bort, og at det neppe er fornuftig med strenge tiltak mot epidemien over tid.

– Vi er i ein gunstig situasjon i og med at mange no er vaksinert, og at vi har eit virus i omløp som gir mindre risiko for alvorleg sjukdom, seier avdelingsdirektør Line Vold i FHI til NTB.

Toler meir

– Gjennom å ha denne vinterbølgja no, med antakeleg fleire hundre tusen smitta, vil vi få auka befolkningsimmuniteten. Saman med den gode vaksinedekninga er vi dermed betre rusta og kan tole eit mykje høgare smittetrykk enn det vi kunne tidlegare, seier Vold.

Ifølgje FHIs siste utrekningar av korleis smitten vil utvikle seg framover, vil færre enn 50.000 bli smitta med dagens tiltaksnivå. Scenarioet tilseier mellom 100 og 400 innleggingar per dag. Det betyr mellom 500 og 2.500 innlagde pasientar samtidig og mellom 25 og 150 innlagde på respiratorbehandling.

I førre veke auka smitten med 70 prosent, og ifølgje scenarioa vil toppen komme i månadsskiftet januar-februar.

Vegen ut

Samtidig har FHI rekna seg fram til at omikron gir 69 prosent mindre risiko for alvorleg sjukdom. Dermed kan vinterbølgja bidra til at vi kjem styrkte ut på den andre sida.

– Med omikronvarianten krev vi ikkje like strenge tiltak for å ha den kontrollen vi trengjer på sjukdomsbyrde og belastning på helsetenesta. Når vi har gjennomgått denne bølgja, vil vi ha bygd immunitet i befolkninga som vil vere positivt for den vidare utviklinga av pandemien, seier Vold.

– Kan denne bølgja vere vegen ut av pandemien?

 Pandemien vil nok ikkje vere over med dette. Men vi går jo gradvis mot ein situasjon der denne sjukdommen blir ein av dei normale sjukdommane vi omgir oss med.

Utfordring

Frå mange hald blir det no pressa hardt på å sleppe opp på nokre av tiltaka, mellom anna skjenkjestoppen. Kva råd FHI har gitt regjeringa om dette, vil ikkje Vold røpe før offentleggjeringa av råda i forkant av pressekonferansen til regjeringa torsdag.

Men regjeringa har ei utfordring.

– Det er om å gjere å finne balansen mellom tiltaksnivå og risikoen for alvorleg forløp for den enkelte og at vi overbelastar helsetenesta. Det å finne rett balanse blir det store spørsmålet som regjeringa må ta stilling til, seier Vold.

Å sleppe opp på nokre tiltak vil truleg føre til at smitten aukar meir enn det modelleringane antydar.

Uvisse om innleggingar

– Her er det snakk om kva risiko ein vil ta. Det vi ønskjer, er å kupere toppen på bølgja og flate ho ut, men vi har ikkje til hensikt å slå ho ned. Så det gjeld å finne det rette tiltaksnivået her.

– Innleggingsstallane har falle jamt og trutt den siste tida. Talar ikkje det for at ein kan lette på tiltaka?

– Det er litt tidleg å seie korleis dette vil utvikle seg vidare. Førebels har vi ikkje sett ein auke i talet på innleggingar, men vi trur jo at vi vil få ein auke òg her. Det store spørsmålet er kor mange som vil trenge respiratorhjelp. Der er det endå større uvisse, seier Vold.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS