nyhende

Illustrasjon av koronaviruset.
Illustrasjon av koronaviruset.

FHI: Tredje dag på rad med ny Sveio-smitte

Onsdag vart det registrert to ny personar frå Sveio med covid-19.

Publisert Sist oppdatert

NTB-NPK/VESTAVIND: Det viser tal frå Folkehelseinstituttet, som VG publiserer.

Tala viser i kva kommune dei nye smitta har folkeregistrert adresse.

Totalt er det registrert 282 smitta i Sveio.

11 personar er for tida innlagde på sjukehus i Helse Fonna-området.

Her er tala for nye registerte personar med folkeregistrert adresse i Sveio og nabokommuane:

Sveio: 2

Haugesund: 4

Karmøy: 14

Tysvær: 10

Vindafjord: 5

Etne: 1

Stord: 7

Bømlo: 4

4.407 nye smitta i Noreg

Det siste døgnet er det registrert 4.407 koronasmitta i Noreg. Det er 117 fleire enn same dag førre veke.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 3.377 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 4.152, så trenden er fallande.

Onsdag var 323 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var åtte fleire enn dagen før.

118 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 79 på respirator. Det er to færre på intensiv og tre færre på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.

Til saman er 1.305 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal.

Powered by Labrador CMS