nyhende

Illustrasjon av koronaviruset.
Illustrasjon av koronaviruset.

FHI: Tre nye koronasmitta i Sveio

Det siste døgnet er det registrert tre nye smitta sveibuar. Det er likevel gledeleg at smittetrenden totalt sett er fallande.

Publisert Sist oppdatert

Totalt er det registrert 279 smitta i Sveio. Andel vaksinerte i kommunen er 68,42 %.

5 personar er for tida innlagde på sjukehus i Helse Fonna-området.

Det syner tal frå Folkehelseinstituttet, og som VG publiserer. Merk at tala viser i kva kommune dei nye smitta har folkeregistrert adresse.

Her er smittetala for Sveio og nabokommunane, tysdag 28. desember:

Sveio: 3

Haugesund: 46

Karmøy: 14

Tysvær: 6

Vindafjord: 2

Stord: 6

Bømlo: 5

Smitten på retur

Det siste døgnet er det registrert 3.750 koronasmitta i Noreg. Det er 291 færre enn same dag førre veke.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 3.374 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 4.531, så trenden er fallande.

Måndag var 328 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var 21 fleire enn dagen før.

124 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 85 på respirator. Det er tre fleire på intensiv og to fleire på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.

Ved midnatt natt til tysdag var det utført 9,1 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor. I alt har 378.087 personar testa positivt.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS