nyhende
FHI: Smittetala til vêrs på Haugalandet
Meir enn 230 nye personar med folkeregistrert adresse på Haugalandet vart registrert smitta med covid-19 onsdag. Også i Sveio stig smittetala igjen.
NTB-NPK/VESTAVIND: Det viser tal frå Folkehelseinstituttet, publisert av VG.
Det siste døgnet er det registrert 8.385 koronasmitta i Noreg. Det er 3.978 fleire enn same dag førre veike.
5 nye i Sveio
Det er ikkje ny rekord i Sveio, men etter ei periode med lite smitte, gjekk talet opp til 5 nye smitta onsdag. No er 303 sveibuar registert smitta av covid-19 sidan starten av pandemien.
Rekord-tal i Haugesund, Karmøy og Tysvær
Karmøy åleine står for 120 av dei nye smitta onsdag, Haugesund 95. Også i Tysvær gjekk talet relativt sett kraftig opp onsdag, med 23 nye smitta.
Talet på innlagde pasientar med covid-19 på sjukehus i Helse Fonna-området er 13 (oppdatert torsdag). 11 er innlagde på Haugesund sjukehus, 1 i Odda og 1 på Stord.
Av desse er det éin som får intensiv behandling. Pasienten er innlagt i Haugesund og i aldersgruppa 18-64 år.
Omikron dominerer i Noreg
Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 4.808 koronasmitta per dag i Noreg. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 3.377, så trenden er stigande.
Koronapandemien blir no driven av omikronvarianten og Folkehelseinstituttet varsla i vekerapporten sin onsdag at dei ventar ein betydeleg auke i smitten den neste tida.
Onsdag var 306 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var to fleire enn dagen før.
87 av pasientane ligg på intensivavdeling, og av dei får 65 respiratorbehandling. Det er åtte færre på intensiv og tre færre på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.
I alt har 420.857 personar no testa positivt for korona i Noreg, ifølgje Folkehelseinstituttet.
Til saman er 1.349 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Førre døgnrekord for Noreg var 5. januar 2022. Då vart det registrert 7.921 smitta.
(©NPK)