nyhende
FHI: Seks nye smitta i Sveio siste døgn
NTB-NPK/VESTAVIND: Seks nye sveibuar vart registrert smitta med coivd-19 i løpet av onsdag.Dagen før var talet to.
Det viser tal frå Folkehelseinstituttet, som er basert på i kva kommune den smitta har folkeregistrert adresse i.
På Haugalandet elles er det framleis høge tal i Haugesind (63) og Karmøy (62). I Tysvær spratt talet opp til 28.
9 personar er innlagde på sjukehus i Helse-Fonna-området, viser offisielle tal onsdag morgon.
Døgnrekord i Noreg
Det siste døgnet er det registrert 15.987 koronasmitta i Noreg. Det er 4.162 fleire enn same dag førre veke og det høgaste talet så langt.
Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 11.774 koronasmitta per dag.
Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 7.356, så trenden er stigande.
Onsdag var 240 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var to fleire enn dagen før.
106 av pasientane ligg på intensivavdeling, og av dei får 72 respiratorbehandling. Det er 32 fleire på intensiv og 23 fleire på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.
Andre dag på rad med døgnrekord
I alt har 554.778 personar no testa positivt for korona i Noreg, ifølgje Folkehelseinstituttet. Førre døgnrekord for Noreg var 19. januar 2022. Då vart det registrert 15.367 smitta.
– Dette viser at smitten framleis stig i Noreg, men ikkje like kraftig som for to veker sidan, sa assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad i ein kommentar om smittetalet på onsdag til NTB.
Nakstad meiner dagstala tyder på ein 50 prosent stigning samanlikna med for ei veke sidan.
– Det kan derfor sjå ut som doblingstida for omikron er nærare ti dagar. Det er gunstig fordi sjukefråværet blir mindre og det blir mindre sannsynleg at innleggingsstala stig om ei veke, sa Nakstad.
Til saman er 1.412 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal.
(©NPK)