nyhende

Illustrasjon av koronaviruset.
Illustrasjon av koronaviruset.

FHI: Nytt smittehopp i Sveio

Etter nokre dagar med få nye registrerte sveibuar med covid 19 inn mot nyttårsaftan, gjorde smittetalet eit hopp igjen på årets første dag.

Publisert Sist oppdatert

Lokale smittetal

Registrerte personar med folkeregistrert adresse i kommunane 1. januar 2022:

Sveio: 9

Haugesund: 2

Karmøy: 17

Tysvær: 2

Bokn: 0

Vindafjord: 0

Etne: 0

Stord: 2

Bømlo: 3

Kjelde: FHI/VG

Dei siste dagane inn mot nyttår kunne sveibuane trekke pusten grunna låga smittetal i kommunen.

Men 1. januar kom det eit nytt byks i smittetala. Tal frå Folkehelseinstituttet, som VG publiserer, viser at heile 9 nye sveibuar vart registrert smitta laurdag.

Totalt er det no registrert 292 sveibuar smita med covid-19 i løpet av pandemien.

9 innlagde

9 personar er for tida innlagde på sjukehus i Helse Fonna-området, ein nedgong på 5 sidan nyttårsaftan. (Talet er justert ned frå 11 etter første publsering i morges, etter at det vart oppdatert sundag ettermiddag).

Powered by Labrador CMS