nyhende
FHI: Nytt døgn med mange smitta haugalendingar – éin ny sveibu
Etter relativ låge tal i dei fleste kommunane på Haugalandet fredag, opplevde både Haugesund og Karmøy igjen eitt døgn med mange nye innbyggarar smitta med covid-19 laurdag, med 87 nye tilfelle totalt.
Éin ny sveibu
I Sveio har talet vore lågt dei siste dagane, laurdag var andre døgn på rad med berre eit nytt tilfelle.
Tala er henta frå Folkehelseinstituttet, som baserer seg på kor den smitta har folkeregistrert adresse.
Annonse
10 på sjukehus i Helse Fonna
Det er no 10 innlagde pasientar på sjukehus i Helse Fonna-området.
I heile Noreg var det registrert 8.477 nye tilfelle siste døgn.