nyhende

Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB / NPK

FHI: Meir enn 300 nye koronasmitta på Haugalandet siste døgn

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB/VESTAVIND: Tysdag vart det registert godt over 300 nye koronasmitta personar med folkeregistrert adresse i kommunar på Haugalandet.
9 av desse er frå Sveio, kor 370 no er registrert smitta sidan starten av pandemien.
Onsdag morgon er talet på koronasmitta pasientar som er innlagde på sjukehus i Helse Fonna-området 8.

Faktaboks

Ny smitte registrert hos personar med folkeregistrert adresse i kommunane 25. januar 2022:

Sveio:9

Haugesund: 108

Karmøy: 186

Tysvær: 22

Bokn: 5

Utsira: 0

Vindafjord: 2

Etne: 0

Stord: 42

Bømlo: 26

Kjelde: FHI/VG

24.429 nye koronasmitta i Noreg

Det siste døgnet er det registrert 24.429 koronasmitta i Noreg. Det er 9.062 fleire enn same dag førre veke.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 18.110 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 11.180, så trenden er stigande.

Tysdag var 253 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var to færre enn dagen før.

Færre får intensiv behandling

60 av pasientane ligg på intensivavdeling, og av dei får 36 respiratorbehandling. Det er sju færre på intensiv og åtte færre på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.

24. januar gjorde Folkehelseinstituttet (FHI) store endringar i overvakinga av covid-19, som fører til at færre positive testar vil bli registrerte i MSIS. Derfor er ikkje tal etter 25. januar direkte samanliknbare med eldre smittetal.

Omlegginga inneber at fleire ikkje lenger treng å ta PCR-test etter å ha testa positivt på sjølvtest, og dermed blir smitten heller ikkje registrert hos FHI. Folk blir likevel oppmoda til å registrere positive testar hos kommunen sin.

FHI bruker no i større grad andre måtar å overvake pandemien på enn smittetal. Hovudgrepet er å følgje med på sjukehusinnleggingar.

(©NPK)

uvakt@ntb.no

Bilete: 8kDQ4Hlmdaw
Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB / NPK
Powered by Labrador CMS