nyhende

Illustrasjonsfoto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

FHI-kartlegging: Koronavaksinasjon kan påverke menstruasjonen

Det er auka førekomst av forstyrringar i menstruasjonen hos unge kvinner etter at dei vart koronavaksinerte, viser dei første resultata av ei stor FHI-kartlegging.

Publisert Sist oppdatert

første del, som gjeld kvinner mellom 18 og 30 år, rapporterte fleire om meir kraftig menstruasjonsbløding enn vanleg etter både første og andre vaksinedose.

• 7,6 prosent oppgav at dei hadde kraftige blødingar før vaksinasjon, medan 13,6 prosent oppgav at dei hadde kraftigare blødingar etter første dose.

• 8,2 prosent oppgav at dei hadde kraftige blødingar før andre dose, medan 15,3 prosent oppgav at dei hadde kraftigare blødingar etter andre dose.

Vanleg med forstyrringar

39,4 prosent av dei spurde rapporterte om minst éi menstruasjonsforstyrring etter første vaksinedose. Blant desse forstyrringane inngår mellom anna kraftig menstruasjon, uvanleg langvarig mens, uvanleg kort eller langt intervall mellom menstruasjonane, uventa mellomblødingar og mensliknande smertar utan bløding.

Samtidig er det svært vanleg med menstruasjonsforstyrringar. Før vaksinasjonen oppgav nær fire av ti kvinner (37,8 prosent) i alderen 18–30 år at dei hadde opplevd menstruasjonsforstyrringar ved siste menstruasjon.

– Likevel ser vi i denne undersøkinga at nokre fleire kvinner fekk forstyrringar etter første eller andre dose av koronavaksinen, seier prosjektleiar og lege Lill Trogstad i Folkehelseinstituttet i ei pressemelding.

– Forbigåande

Ifølgje Trogstad var dei fleste menstruasjonsforstyrringane etter første dose forbigåande, og forstyrringane var i snitt tilbake til utgangsnivået når andre vaksinedose vart gitt to–tre månader etter.

Undersøkinga viser vidare at av kvinnene som oppgir at dei opplevde menstruasjonsforstyrringar etter første dose, opplevde nær to av tre menstruasjonsforstyrringar òg etter andre dose. Då auka òg førekomsten av fleire typar menstruasjonsforstyrringar.

Folkehelseinstituttet opplyser at dei førebels ikkje har informasjon om varigheita av menstruasjonsforstyrringar etter andre dose med koronavaksine.

Tilrår å vente

Dei går likevel ut med ei tilråding til kvinner med kraftige og vedvarande blødingar etter ein tidlegare vaksinedose om å vente med vidare vaksinasjon til årsaka er undersøkt eller at symptoma har gått over.

Kvinner som opplever at blødingsforstyrringane ikkje går bort, bør kontakte lege for å utelukke annan sjukdom som eventuelt treng behandling.

– Er du i tvil om kva du bør gjere, kontakt fastlegen din, er oppmodinga frå Trogstad, som understrekar at forbigåande blødingsforstyrringar ikkje bør hindre kvinner frå å takke ja til koronavaksine.

6.000 kvinner i alderen 18–30 år har delteke i Ungvoksen-kohorten til FHI i samband med denne studien, som er ein del av ei større kartlegging blant meir enn 60.000 kvinner mellom 12 og 80 år i Noreg.

Artikkelen er ikkje fagfellevurdert.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS