nyhende

Illustrasjon av koronaviruset.
Illustrasjon av koronaviruset.

FHI: Åtte nye smitta sveibuar siste døgn

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Talet på nye smitta haugalendingar auka betydeleg måndag. Det viser tal frå Folkehelseinstituttet som baserer seg på kva kommune den smitta har folkeregistrert adresse i.
Både Sveio, Tysvær, Karmøy og Stord hadde realtiv høge tal.
Åtte nye sveibuar vart registrert smitta siste døgn.Totalt er 332 sveibuar registrert smitta sidan starten av pandemien.
Talet på innlagde på sjukehus med covid-19 i Helse Fonna-området held seg stabilt.Tysdag morgon er det rapporterte talet 10.

11.031 nye koronasmitta i Noreg

Det siste døgnet er det registrert 11.031 koronasmitta i Noreg. Det er 4.491 fleire enn same dag førre veke, viser dei nasjonale tala frå FHI.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 10.359 koronasmitta per dag.

Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 6.622, så trenden er stigande.

Måndag var 240 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var ni fleire enn dagen før.

79 får intensiv behandling

79 av pasientane ligg på intensivavdeling, og av dei får 55 respiratorbehandling. Det er tre fleire på intensiv og fire fleire på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.

I alt har 523.424 personar no testa positivt for korona i Noreg, ifølgje Folkehelseinstituttet. Til saman er 1.382 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. 15. januar 2022 vart det registrert 12.360 smitta i Noreg, som er høgaste døgntal hittil.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS