nyhende

Det siste døgnet er det registrert 2.214 koronasmitta i Noreg. De siste sju dagane er det i snitt registrert 3.416 koronasmitta per dag. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Det siste døgnet er det registrert 2.214 koronasmitta i Noreg. De siste sju dagane er det i snitt registrert 3.416 koronasmitta per dag.

FHI: Andre dag på rad utan nye smitta sveibuar

Smittetrenden er fallande på Haugaland og i landet elles. For andre dag på rad har ikkje Folkehelseinstituttet registert nokon nye smitta sveibuar.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB/VESTAVIND: Tal frå FHI, og som VG publiserer, viser ei framleis fallande trend i Noreg, og for andre dag på rad vart det sundag ikkje registrert ny smitte hos personar som har folkeregistrert adresse i Sveio.
Dette et tala for Sveio og nabokommunane 2. juledag.
Sveio: 0
Haugesund: 9
Karmøy: 9
Tysvær: 1
Vindafjord: 0
Stord: 10
Bømlo: 0
Talet på innlagde covid-19-pasientar ved sjukehus i Helse Fonna-området er fem.

808 færre i Noreg

Det siste døgnet er det registrert 2.214 koronasmitta i Noreg. Det er 808 færre enn same dag førre veke.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 3.416 koronasmitta per dag.

Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 4.649, så trenden er fallande.

Søndag var 307 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var 24 fleire enn dagen før.

121 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 83 på respirator. Det er sju fleire på intensiv og fire fleire på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.

Ved midnatt natt til måndag var det utført 9,1 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor.

I alt har 374.337 personar testa positivt.

Til no har 4.279.565 personar fått første dose av koronavaksinen, 3.912.709 personar har fått andre og 1.433.238 har fått tredje dose.

Til saman er 1.257 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

58,6 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 29 dødsfall i Noreg.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS