NPK-NTB/VESTAVIND: Etter særs høge tal, med meir enn 230 nye smitta på Haugalandet onsdag, gjekk talet på ny lokal smitte ned igjen torsdag. Då vart omlag 79 nye haugalendingar registrert med covid-19.
Dette viser tal frå Folkehelseinstituttet, publisert av VG. Tala er basert på i kva kommune den registrerte smitta har folkeregistert adresse.
Ingen i Sveio
Ingen nye sveibuar vart registrert smitta torsdag. Også nabokommunar som Haugesund, Tysvær og Karmøy hadde markant nedgang.
Torsdag var 13 pasientar innlagde på sjukehus i Helse Fonna-området, 11 i Haugesund, 1 i Stord og 1 i Odda. 1 pasient, i Haugesund, fekk intensiv behandling.
Stigande trend i Noreg
Det siste døgnet er det registrert 7.879 koronasmitta i Noreg. Det er 3.861 fleire enn same dag førre veke.
Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 5.360 koronasmitta per dag.
Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 3.335, så trenden er stigande.
Torsdag var 295 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var elleve færre enn dagen før.
I alt 91 av pasientane ligg på intensivavdeling, og av dei får 66 respiratorbehandling. Det er fire fleire på intensiv og éin fleire på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.
I alt har 428.736 personar no testa positivt for korona i Noreg, ifølgje Folkehelseinstituttet.
Til saman er 1.349 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Den 6. januar vart det registrert 8.385 smitta i Noreg, som er det høgaste døgntalet hittil.