nyhende
FHI: 7 nye sveibuar registrert smitta siste døgn
Sju av desse er sveibuar.
Det viser tal frå Folkehelseinstituttet. Tala er basert på kva kommune den smitta har folkeregistrert adresse i.
Sidan starten av pandemien er no 387 sveibuar registrert smitta.
Fredag morgon er det registrert seks korona-pasientar innlagde på sjukehus i Helse Fonna-området.
24.288 nye registrerte i Noreg
Det siste døgnet har FHI registrert 24.288 koronasmitta i Noreg. Det er 7.411 fleire enn same dag førre veke.
Dette kjem fram av tal frå Meldingssystemet for smittsame sjukdommar (MSIS).
24. januar 2022 gjorde FHI store endringar i testsystemet, slik at færre koronasmitta blir registrerte i MSIS. På grunn av dette er ikkje tal etter 25. januar samanliknbare med tala før.
Omlegginga inneber at fleire ikkje lenger treng å ta PCR-test etter å ha testa positivt på sjølvtest, og dermed blir smitten heller ikkje registrert hos FHI. Folk blir likevel oppmoda til å registrere positive testar hos kommunen sin.
23 fleire sjukehusinnleggingar i Noreg
FHI bruker no i større grad andre måtar å overvake pandemien på enn smittetal. Hovudgrepet er å følgje med på sjukehusinnleggingar.
Torsdag var 268 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var 23 fleire enn dagen før. 50 av pasientane ligg på intensivavdeling, og av dei får 38 respiratorbehandling. Det er éin færre på intensiv og to fleire på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.
Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 20.411 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 12.529, så trenden er stigande.
I alt har 714.532 personar no testa positivt for korona i Noreg, ifølgje Folkehelseinstituttet.
Til saman er 1.439 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal.
22. januar 2022 vart det registrert 24.958 smitta i Noreg, som er høgaste døgntal hittil med det gamle testsystemet.
27. januar 2022 vart det registrert 24.677 smitta i Noreg, som er høgaste døgntal hittil med det nye testsystemet.
(©NPK)