nyhende
FHI: 10 nye sveibuar registrert smitta
FHI: 10 nye sveibuar smitta siste døgn
Tal frå Meldingssystemet for smittsame sjukdommar (MSIS) viser at det er registrert 2.484 færre enn i Noreg same dag førre veke.
Den 24. januar 2022 gjorde FHI store endringar i testsystemet, slik at færre koronasmitta blir registrerte i MSIS. På grunn av dette er ikkje tal etter 25. januar samanliknbare med tala før.
Omlegginga inneber at fleire ikkje lenger treng å ta PCR-test etter å ha testa positivt på sjølvtest, og dermed blir smitten heller ikkje registrert hos FHI. Folk blir likevel oppmoda til å registrere positive testar hos kommunen sin.
10 innlagde på sjukehus i Helse Fonna
FHI bruker no i større grad andre måtar å overvake pandemien på enn smittetal. Hovudgrepet er å følgje med på sjukehusinnleggingar.
Torsdag var 279 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det er éin færre enn dagen før. 48 av pasientane ligg på intensivavdeling, og av dei får 27 respiratorbehandling. Det er tre færre på intensiv og fire færre på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.
10 av pasientar er innlagde i Helse Fonna.
Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 19.265 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 20.411, så trenden er fallande.
I alt har 849.389 personar no testa positivt for korona i Noreg, ifølgje Folkehelseinstituttet.
Til saman er 1.467 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal.
Den 22. januar 2022 vart det registrert 24.958 smitta i Noreg, som er høgaste døgntal hittil med det gamle testsystemet.
27. januar i år vart det registrert 24.677 smitta i Noreg, som er høgaste døgntal hittil med det nye testsystemet.
– Vi nærmar oss smittetoppen
Smitteverndirektør Geir Bukholm i Folkehelseinstituttet (FHI) meiner smittetoppen er nær og at epidemien er komen lenger enn det tala viser.
– Vi trur epidemien har komme lenger enn det som er registrert. Spørsmålet er kor mykje lenger, seier Bukholm til VG.
Ei omlegging av testregimet har gjort at systemet fangar opp ein mindre del av dei som er smitta enn før, og at tala dermed blir mindre viktige for overvakinga.w
Det gjer det vanskeleg å vite kor nær smittetoppen er. Tidlegare er det anslått at han kan komme i månadsskiftet februar-mars.
– Vi veit at smitten er veldig høg, men vi veit ikkje kor nær vi er smittetoppen. Men vi nærmar oss toppen, seier Bukholm.
Basert på scenario frå modellering, meiner FHI at tre–fire millionar menneske vil bli smitta i løpet av vinteren, 12.000-13.000 må på sjukehus.
(©NPK)