nyhende

Ferskingen og ringreven

Tysdag ettermiddag blei det endeleg avslørt at André Mundal Haukås (H) blir yngste ordførar i Sveio nokon sinne, og den langt meir erfarne Ruth G. Ø. Eriksen (Frp) held fram som varaordførar.

Publisert Sist oppdatert

Etter kvart som dagane har gått, er det stadig fleire som har tenkt at det kanskje ikkje blir den ordføraren ein trudde etter at Høgre vart største parti. Spekulasjonane har gått, og det var eit nøgd forhandlingsutval frå Høgre, Framstegspartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti som møtte Vestavind med fasiten:

André Mundal Haukås (H) blir ordførar og Ruth G. Ø. Eriksen (Frp) held fram som vararordførar.

Møter i sitt første kommunestyre

– Ein nybegynnar og ein ringrev?

– Fersk i alle fall. Eg har vore med i ungdomsrådet og har alltid vore politisk interessert, men det blir faktisk det første kommunestyret eg møter i som fast møtande representant, seier Mundal Haukås.

Han blir den yngste ordføraren i kommunen nokon sinne, og fyller 30 år i november.

Går på sin sjette periode

Då kan det vera greit at varaordføraren går på sin sjette periode. Ruth G. Ø. Eriksen har vore vanleg representant, ordførar og to periodar som vararordførar.

– Det er ikkje noko negativt at ein er ny. Det er mykje å setta seg inn i og hugsa på av til dømes kotymer, reglar og lover. Og så er det viktig å ha med seg at alle blir sett og høyrt, men det lærer du fort, seier Eriksen.

– Eg såg på det som ei stor tillitserklæring å bli nominert på førsteplass av partiet, og er takksam for den store tilliten veljarane også har vist meg med mange personstemmer og slengjarar i valet. Det var over all forventing, seier Mundal Haukås, som ser fram til å vera ordførar for alle i Sveio.

Godt samarbeidsklima

Begge seier at det å kunna vera med å påverka og forma sveiosamfunnet er ei viktig drivkraft. Og at dei vil jobba for at det gode klimaet som har vore under valkampen held fram i kommunestyret.

– Alle vil det beste for Sveio, og eg har tru på at me skal få til eit godt samarbeidsklima, seier Mundal Haukås.

Eriksen trekk fram at det er mange nye, og at det er spesielt å gå på talarstolen for første gong.

– Me skal møta alle med respekt og vera lyttande. Og så håper eg at alle finn tid til dei to dagane med politikaropplæring som er sett opp. Det vil vera med på å sveisa saman heile kommunestyret, seier ho.

Politisk plattform

Intensjonsavtalen om samarbeid blei inngått valkvelden, og forhandlingane har pågått sidan morgonen etter valet. Etter fem formelle møter, delvis helgefri og ein heil del telefonar og e-postar, var politisk plattform og samrøystes innstilling til ordførar og varaordførar klar til å bli presentert i dei ulike partigruppene måndag kveld.

Der var det full støtte til jobben som var gjort så langt. Politisk plattform blir det jobba vidare med fram mot kommunestyremøtet 2. oktober.

Forhandlingsutvalet trekk fram at det har vore ein god tone i forhandlingane, og at ein har fått fram ei politisk plattform som alle samarbeidspartia føler seg trygge på. Sjølv om det er ein del ulikskapar partia imellom.

Einige om det meste

– Kva har vore dei største utfordringane?

– Gruppene meiner plattforma er eit godt fundament å jobba vidare frå. Me er blitt einige om det aller meste, og «vondtene» er blitt adressert på ein god måte, seier Rune Teikari, forhandlingsleiar for Frp.

– Det har vore god tone og stor takhøgde. Me har jobba godt i lag og kome fram til gode løysingar som alle står bak, seier John Kristian Økland, forhandlingsleiar for H.

Skulestruktur og eigedomsskatt

Ei av dei vanskelege sakene i Sveio har vore skulestruktur. Den er partia einige om at skal ligga slik den er i denne perioden. Det same gjeld for eigedomsskatten som samarbeidspartia lovar å sørga for ikkje bli innført dei kommande fire åra.

Begge deler er også viktig for eit av hovudmåla: At Sveio skal bli ein ja-kommune som folk vil flytta til og driva næring i.

Powered by Labrador CMS