nyhende

Ferja ved kai. ARKIVFOTO
Ferja ved kai. ARKIVFOTO

Ferja siglar igjen etter korona-stans

Tysdag morgon er ferjesambandet Langevåg-Buavåg i drift igjen, etter at covid-19 slo ut sambandet for tredje gong på kort tid måndag ettermiddag.

Publisert Sist oppdatert

For tredje gong på tre døgn vart ferjesambandet mellom Langevåg og Buavåg innstilt klokka 15 måndag ettermiddag.

Tysadag er samband i drift igjen, opplyser Fjord 1.

— Me har ein krevjande situasjon i høve til å ha nok bemanning på ferjene no, grunna covid-19, opplyste regionleiar Geir Vangen i Fjord 1 til Vestavind måndag.

Vangen seier at reiarlaget har avgrensa med mannskap, og at dei berre må håpe at folk blir friske att snarast mogeleg.

— Me er ikkje åleine om å oppleve utfordringar knytt til bemanning grunna covid-19, seier han.

Powered by Labrador CMS