nyhende
Fengsel i seks månader for overgrep
Ein tidlegare Ap-politikar i Sveio er dømt til fengsel i seks månader for fleire tilfelle av seksuell omgang med ein 14 år gammal gut.
Mannen i 40-åra må også betala 60.000 kroner i erstatning til den no 16 år gamle fornærma guten.
Godtek dommen
Advokat Odd Arild Helland, som har vore den tidlegare Ap-politikaren sin forsvarar, seier til Bladet Sunnhordland at hans klient godtek dommen.
Helland legg til at klienten hans har opplevd ein ryddig prosess både gjennom politiet sitt arbeid og i retten si behandling av saka.
Taus om anke
Siren Elise Finnvik ved Elden Advokatkontor i Stavanger har vore bistandsadvokat for fornærma i straffesaka. På spørsmål frå Vestavind har ho ingen kommentar til dommen og vil heller ikkje svara på om ho på vegne av klienten sin vil anka utmålinga av erstatningssum i denne saka.
Det er elles kjent frå før at i alt tolv menn er melde til politiet for overgrep mot den same guten. Alle desse sakene er uavhengige av kvarandre.
Haugaland og Sunnhordland tingrett avsa dom i saka onsdag etter to dagars rettsforhandlingar i slutten av oktober.
Retten har funne det bevist at tiltalte ved minst fire tilfelle har hatt seksuell omgang med 14-åringen. Dette har skjedd over ein periode på godt og vel fire månader i 2022, heime hos tiltalte og andre stader som er nemnde i dommen.
Rabatt for tilståing
Aktor, politiadvokat Else Saltveit Lokna, la ned påstand om fengsel i sju månader. Dette fann tingretten for strengt. Retten har funne det formildande at tiltalte erkjente straffeskuld alt i første avhøyr 2023, før han hadde fått innsyn i dokumenta i saka. Dette letta politiet sitt arbeid og retten meiner det kvalifiserer til strafferabatt på 30 prosent.
Tiltalte er elles blitt trudd på at han ikkje ved noko tilfelle penetrerte fornærma.
Kritikk for aktløyse
I straffeskjerpande retning legg retten vekt på at tiltalte har vore aktlaus når han ikkje var grundigare i å sjekka fornæma alder. Dei to fekk kontakt med kvarandre via ein app som blir mykje brukt av homofile menn og som har aldesgrense 18 år.
Tiltalte har forklart at han difor gjekk ut frå at fornærma dermed var over 18. Ut frå fornærma sin utsjånad og andre grunnar meiner retten tiltalte burde forstått at ungguten var yngre. Legeerklæring som blei lagt fram i retten, stadfestar at guten sin utsjånad samsvarte med alderen hans.
Mannen i 40-åra får i dommen også kritikk for manglande bruk av kondom.