nyhende

70 år sidan tragedien:

RRestane av «Føygutten», fotografert av Leonard Gjørøy om morgonen den 4. februar 1953.
RRestane av «Føygutten», fotografert av Leonard Gjørøy om morgonen den 4. februar 1953.

Fem menn kom aldri heim

Fredag 3. februar er det 70 år sidan kvalskuta «Føygutten» av Auklandshamn forliste under sildefiske i Sogn og Fjordane. Fem fiskarar mista livet i den tragiske hendinga.

Publisert Sist oppdatert

Dei som mista livet:

Desse fem mista livet i «Føygutten»-ulykka 3. februar 1953:

Anders Sørvik 45 år, Vedavågen

Wilhelm Bauer Jacobsen 33 år, Auklandshamn

Andreas Olsen 23 år, Vedavågen

Olav Bang 22 år, Vedavågen

Magne Odland 26 år, Kopervik

Det var om kvelden for 70 år sidan at «Føyguten» trefte brenningar ved Bulandet i Sogn og Fjordane, då under sildefiske. Det var på veg mot land med dagens fangst, i bekmørke og dårleg vêr, at det gjekk galt.  Av mannskapet på sju var det berre to som berga seg i land. Dei fem andre vart aldri funne.

Det er Ove Bang Sætre som har kontakta Vestavind i anledning det triste jubileet, kor mellom andre far hans, Olav Bang frå Karmøy, mista livet. Sjølv var han berre nokre månadar gamal då mora blei enke og sat att med to små born.

— Eg synest at det er viktig å minnes sjømennene som mista livet den gongen, seier han.

Han har sjølv vore ein aktiv pådrivar for å få på plass eit minnesmerke som nå står nær ulykkesstaden, og han har bidreg med mykje informasjon i arbeidet med ei bok om ulykka, som er ført i penna av lokalhistorikar Bengt Ronny Landøy Midtbøen og gitt ut i 2019.

Vanleg med ulykker

Sætre synest at det er trist å tenkje tilbake på skjebnen til faren.

— Men eg ber på korkje nag eller hat knytt til hendinga, seier han.

På den tida var det slett ikkje uvanleg at fiskarar miste livet. Hendingane vart ofte berre notisar i avisene.

Ove Bang Sætre viser fram eit bilde av minnesmerket som vart avduka ved ulykkesstaden i 2018.

— Ulykker som denne hende innimellom. Det var berre slik det var, seier han.

Sjølv fekk han ein ny farsfigur inn i livet då mora fann ein ny mann og busette seg på Halsnøy.

— Når ting vart som dei vart, kunne eg kunne ikkje fått ein betre farsfigur enn stefar min. Ein veldig snill kar, seier han.

Han fekk etter kvart også fleire søsken.

— Me har aldri brukt ordet «halvsøsken» om kvarandre. Me er berre søsken, seier han.

«Du må helsa him!»

Ein av dei som er godt kjent med historia til «Føygutten» er Jan Kåre Nyland Jacobsen i Auklandshamn. Han var rett nok ikkje fødd då ulykke hende. Men det var bestefaren, Johannes Jacobsen, som eigde båten som var ein av fleire i same reiarlaget. Og Wilhelm Bauer Jacobsen, som var ein av dei som omkom, var onkelen hans. Tittelen på den nemnde boka om forliset, «…du må helsa him!», er henta frå dei orda som Bauer, som han blei kalla, skal ha ropa til ein av dei som var kome seg på land, då båten la seg over og sokk. Han var maskinist om bord i båten, som for anledninga var leigd ut til Anders Sørvik frå Vedavågen på Karmøy.

— Det er ei hending som særleg dei eldre i bygda hugsar, og som blir snakka om blant dei, seier han.

Har ankeret

Faren til Jan Kåre Nyland Jacobsen  skulle eigentleg òg ha vore med «Føygutten» på den skjebnesvangre turen, fortel han.

Foto av ereplika av Føygten.
Foto av ein modell av «Føygutten».

— Men han blei kort tid kalt til ein annan båt, «Fairy» som òg var i bestefar sitt reierlag, fortel han.

Jan Kåre Nyland Jakobsen var sjølv med på ei markering på staden for eit par år siden.

— Då fekk eg ankeret til «Føygutten» med meg, så det har eg her heime, fortel han.

Powered by Labrador CMS