nyhende
Fem falske pakkemeldingar på eit døgn
Denne veka har Vestavind fått ei rekke falske e-postar frå nokon som gir seg ut for å vera Posten. Dei same svindlarane har no begynt å senda e-postar frå BankID.
Oppdatering måndag formiddag: I løpet av helga og måndag morgon har dei same svindlarane gått frå Posten til å senda melding om at du må oppdatera BankID-en din.
I meldinga står det
«Bank-ID-tilgangen din er utløpt
Kjære klient
Vi beklager å informere deg om at din bank-ID-tilgang er utløpt, og du vil ikke kunne bruke bank-ID-en din for noen tjenester med din bank eller identitet før du aktiverer tilgangen din igjen.
for å aktivere din bank-ID-tilgang må du klikke på knappen nedenfor og bekrefte din sikre enhet.
Ikkje klikk på knappen! Då gir du svindlarane tilgang til bankopplysningane dine.»
Lett å bli lurt
Me er heilt sikkert ikkje dei einaste som får slike meldingar, og svindlarane er så proffe at det er fort gjort å bli lurt.
Særleg om du ikkje brukar e-post så mykje, eller har det travelt og berre vil få unna det som kjem inn. Eller at du faktisk ventar på ei levering frå Posten.
Svindlarane er proffe og brukar velkjende og ofte store firma, som Posten. E-postane er slik laga at det i farten ser ut som om dette er ekte e-postar. I dei Vestavind har fått tilsendt dukkar det, i tillegg til oppdater adressa di, også opp fleire skjulte lenker når ein går inn på e-posten.
Ikkje klikk på slike lenker! Klikkar du, eller oppdaterer adressa, gir du svindlarane tilgang til e-posten din, og med det potensiell tilgang til private opplysningar eller firmaopplysningar.
Gode råd
Dette er Posten sine gode råd for å avdekka falske meldingar:
- For å kunna avdekka om ein e-post er falsk, er det nyttig å forstå dei kriminelle sine teknikkar og korleis dei lurer oss.
- Ønsker avsendar at du skal gjera noko?
- Ber den om brukarnavn, passord, kredittkortopplysninger eller anna?
- Er melding prega av at noko hastar, noko gale kan skje om du ikkje gjer noko, eller det ein form for gevinst eller fordel for deg?
- Ventar du denne meldinga, eller kjem den «ut av det blå»?
- Kontroller avsendaradresse og lenker: Om dei er ukjente eller spesielle, så kan det vera ei mistenkeleg melding. Men ver obs: Det er enkelt å forfalska, så det at avsenderadresse er reell er ikkje eit teikn på at meldinga er reell.
Slik sjekkar du om avsenderadressa er falsk
Eit godt døme på det siste punktet er meldingane Vestavind har fått. Der står det at meldinga er frå Posten Norge i avsendarfeltet.
Neste steg då er å markera adressa og klikka på den vesle pila som kjem opp til høgre for avsendaren. Då ser du heile e-postadressa. Er den frå Posten skulle det stått @posten.no. No står det @wildapricot.org.