nyhende

Resultat frå uhøgtidleg undersøking:

Fem av sju krinsar har fleirtal for det eine fylket

To fylke, to regionar og vesle Sveio i midten. Kva veg skal me gå? Vestland, seier eit fleirtal på 53 prosent som har svara på Vestavind si undersøking på nett.

Publisert Sist oppdatert

Aldersfordeling på dei som har svara

  • Yngre enn 25 år: 86 svar
  • 26-45 år: 312 svar
  • 46-59 år: 176 svar
  • 60 år eller eldre: 94 svar

Det kom inn 730 svar på undersøkinga som var open i nær tre veker, 668 av dei bur i Sveio, og det er desse me har tatt utgangspunkt i når me no presenterer resultatet. Éin papiravis-lesar ringte inn sine standpunkt. Spørsmåla var:

  • Kva fylke identifiserer du deg mest med?
  • Kva region meiner du at Sveio høyrer mest til?
  • Kva fylke bør Sveio høyra til i framtida?

Føremålet var å lodda stemninga blant sveibuen – men merk at me kallar denne meiningsmålinga for uhøgtideleg, då me ikkje har stilt nokon krav til korleis eit utvalet skal vera, bortsett frå at dei må vera busett i Sveio. I alle tilfelle kan me slå fast at spørsmålet engasjerer.

Uavgjort

Ei tid låg det heilt likt mellom dei to fylkeskommunane, før Vestland drog på med fleire stemmer igjen. I tillegg til at mange svara, var det også ein god del som la igjen kommentarar til det moglege fylkesbytet.

Dei som tok del i undersøkinga gav også tilbakemelding på kva krins dei høyrer heime i, og nedanfor kan du sjå korleis folk rundt deg svara, oppgitt i prosent. Svara kan gi ein indikasjon på kva sveibuen tenker.

To er for Rogaland

Forutan at resultatet for heile Sveio samla er presentert, kan me sjå responsen frå sju ulike krinsar. Fem av desse har overvekt på å bli i Vestland, medan Sveio saman med Vikse og Vandaskog kan sjå føre seg ei framtid i Rogaland.

Valestrand på si side, er tydelegast av alle – 89 prosent av dei 133 som har svara, vil halda fram med relasjonen til Vestland.

Me har også løfta fram kva dei som er yngre enn 25 år tenker. Av dei 86 som har svara og bur i Sveio, ser 55 prosent føre seg at det er best å bli i Vestland.

Informasjon

Ikkje alle er klare for å ta standpunkt alt no, men ventar på fleire opplysningar. Sveio kommune skal ha fleire informasjonsmøte om fylkestilhøyrigheit framover, det første blir torsdag denne veka. Då kjem Telemarksforsking for å presentera rapporten – det blir også høve til å få svar på det ein lurer på, opplyser Sveio kommune.

For dei som vil ta del i den skikkelege avstemminga, vil det bli mogleg å førehandsstemma mellom 1. desember og 7. januar 2022. Offisiell røystedag blir 10. januar 2022.

Basert på 45 svar.
Basert på 37 svar.
Basert på 97 svar.
Basert på 46 svar.
Basert på 210 svar.
Basert på 133 svar.

Basert på 100 svar.
Powered by Labrador CMS