nyhende

Felles solidaritetsmarkering for Ukraina i Haugesund

Næringsminister Jan-Christian Vestre og haugesundordførar Nils Konrad Bua skal begge halda tale på solidaritetsmarkeringa for Ukraina i Haugesund laurdag.

Publisert Sist oppdatert

Dette fortel Olga Vasulchenko, som er ein av dei lokale arrangørane, til Vestavind.

Markeringa i Haugesund er eitt av minst 50 arrangement over heile landet på toårsdagen for Russland sin fullskala invasjon i Ukraina.

Samling på Rådhusplassen

Ukrainerar og støttespelarar frå heile Haugalandet, også frå Sveio, er venta til samlinga i Haugesund. Programmet startar på Rådhusplassen klokka 15.00. Derfrå blir det tog nordover til Bytunet og opp til Frelsesarmeen sitt lokale i Skåregata. Der vil markeringa halda fram innandørs.

– Me har ikkje eige lokallag av av Norsk-ukrainsk venneforening på Haugalandet enno, men arrangerer markeringa på vegne av venneforeininga, fortel Vasulchenko, som tilhøyrer vertskapet denne gongen.

Ber om meir hjelp

Hovudmarkeringa til støtte for Ukraina i krigen mot Russland,  skjer utanfor Stortinget i Oslo. 40 ulike parti og organisasjoner står bak markeringa i Oslo. Appellen til norske styresmakter er å bruka toårsdagen til å auka hjelpa til Ukraina, som er i ein svært kritisk situasjon.

Over heile landet er det også eit mål å oppretthalda solidariteten med det ukrainske folket og hindra at denne konflikten midt i Europa blir ein gløymd krig.

Powered by Labrador CMS