nyhende

Fekk vitnemål for norsk grunnskule

Hussam Alshaaban og dei 22 andre i G4-kullet fekk i dag vitnemål på ferdig grunnskule. Utdelinga på Breidablikk læringssenter var både glad og litt vemodig.

Publisert Sist oppdatert

Breidablikk læringssenter

  • Breidablikk læringssenter har 600-700 elevar og er med det ein stor skule.
  • Læringsenteret har om lag 70 lærarar og gir undervisning og opplæring til barn, unge og vaksne med eit tilpassa og variert tilbod på fire avdelingar.
  • Mellom anna språkopplæring, morsmålsundervisning, tospråkleg fagopplæring og grunnskuletilbod for vaksne.

To år med norskopplæring, og deretter tre år med grunnskulepensum, har vore både utfordrande og lærerikt. Noko både lærar og elevar trekte fram i talane sine.

Avdelingsleiar Pål Voland Monstad minna om tre viktige punkt dei har gjentatt ofte gjennom dei tre siste åra: kom kvar dag, kom presis og gjer ditt beste.

– Det er viktig å ha med seg vidare også, enten ein skal ta vidare utdanning eller jobba, sa han, og oppfordra alle til å stikka innom Breidablikk no og då for å fortelja korleis det går med dei.

– Norsk er vanskeleg

23 stolte elevar, som kjem får Syria, Marokko, Kongo, Somalia, Palestina og Eritrea og i dag bur i Sveio, Vindafjord og Haugesund, takka også alle lærarane med gåver dei hadde spleisa på.

Hussam kom til Sveio og Førde som syrisk flyktning i 2018. Noko av det første han gjorde var å ta norskkurs.

– Språk er viktig for mykje når ein skal finna seg til rette i eit nytt land. Men norsk er vanskeleg! Særleg grammatikken, seier Hussam.

Glad for vitnemålet

Han har jobba med forskjellig handverksarbeid som muring og maling, og samstundes vore elev på Breidablikk. Det har vore krevjande, men desto større var gleda over å få vitnemålet i dag.

– Å klara skulen og få vitnemål har vore viktig. No har eg bevis på kva eg kan, og eg håper at dette vil gjera det enklare å enten ta vidare utdanning eller få andre jobbar, seier han.

Ordførarane frå bustadkommunane var inviterte, men berre sveioordførar Linn Therese Erve (Ap) deltok i markeringa. Ho stilte med ordførarkjedet og helt tale. Elevane syntes dette var stor stas, og ein del av dei sikra seg biletet saman med ordføraren.

Imponert over innsatsen

– Vitnemålsutdeling som bevis på ferdig grunnskule er ein stor dag. Eg vil særleg gratulera Hussam, som den eine eleven i år frå Sveio. Hans utdanning starta med norskkurs på vaksenopplæringa, og er no ferdig med grunnskulen på Breidablikk, seier Erve.

Ho er imponert over innsatsen som ligg bak.

– Han har gjennomført i vaksen alder, på ein nytt språk og på same vurderingsvilkår som norske elevar. Det er flott at me har eit slikt tilbod, som gjer at våre nye innbyggarar kan få seg ei utdanning om dei ønsker det, og seinare ein jobb. Det er ein viktig del av integreringa. Eg ønsker Hussam lukke til vidare. Sveio kommune er stolt av han, seier ordføraren.

Powered by Labrador CMS