nyhende
Fekk ugle i pipa
Leif Tore Haukås hadde høyrt lydar i nokre dagar. Først trudde han det kunne vere mus i golvet. — Då eg lyste inn i pipa, såg eg eit par bein nederst i sota, seier Haukås.
Det hadde vore nokre dagar med merkelege lydar i huset til Leif Tore Haukås. Skrapinga trudde han først skuldast at det var kome mus kravlande under golvet.
— Men, så kom eg på at det kunne vera i pipa, seier Haukås.
Då gjekk han ned med ein lommelykt og lyste inn i pipa, og vart møtt med eit sjeldant syn.
— Eg såg eit par bein nederst i sota. Den tok opp heile plassen, seier Haukås.
Den besøkande var ei ugle, som ikkje var så lett å få tak i.
— Eg måtte spa vekk masse sot før eg fekk tak i ugla og tok henne med ut. Så slapp eg ho laus utan at vengane vart skada, seier han.
Høyrer ein del ugler
Haukås tenkjer den har sete i pipa hans i fleire dagar, ut frå lydane i dagane før.
— Det sit ofte ugler på toppen av pipa eller i nærleiken på garasjetaket, seier han.
— Er det mykje ugler der du bur?
— På Mølstre? Nei, det er ikkje noko spesielt, men du høyrer jo ein del ugler her. Det er mykje skog, og dei trivst nok godt, svarar han.
— Har du sett ugla igjen etter at du slapp ho ut?
— Nei. Ho var litt sotete, så er sikkert litt dårleg kamuflert no som det er snø, humrar Haukås.
Han veit ikkje kva type ugle det var, og har ikkje kome fram til eit svar tross leiting.
— Den var kvit og spraglete på brystet og under vengane. Nokså lys. Eg trudde mogelegvis det kan vera snakk om ei kattugle, men dei såg mørkare ut på bilete, seier Haukås.
Ikkje første gong
For Mølstrebuen var det ikkje den største overraskinga.
— Fordi eg har hatt trost i pipa tidlegare, seier han.
I tillegg til trost i pipa, har det ved ei tredje anledning kome ein trost enda lengre inn.
— Ein gong kom det også ein trost inn i omnen i stova. Den hadde kome seg halvvegs inn i røyret til omnen, seier Haukås.
— Korleis gjekk det med den?
— Eg opna no berre vindauget og slapp den ut, så det gjekk fint. Eg høyrde den med ein gong, seier han.
Og for alle med eit hjarte for fuglar, kjem han med roande ord.
— Ingen av fuglane har tekne skade, og alle har kome seg bra ut av det, seier Haukås.