nyhende

Fekk stoppordre utan å bli varsla

Ein tomteeigar gjorde inngrep på eigen tomt han meinte ikkje var søknadspliktig. Sveio kommune var ueinig og gav stoppordre. Grunna ein uklar teknisk feil vart den aldri sendt. — Ein hyttenabo oppdaga den tilfeldig og varsla oss, seier tomteeigaren.

Publisert Sist oppdatert

Den 31. januar i år vart ein stoppordre gjeve frå Sveio kommune til ansvarleg søkjar for tomteeigaren. Då fekk dei tre vekers frist til å klaga.

Det einaste problemet var at stoppordren aldri vart sendt, sjølv om kommunen trudde det.

Tilfeldig oppdaga

Heldigvis var det nokon andre som fylgde med.

— Ein hyttenabo oppdaga den tilfeldig og varsla oss, seier tomteeigaren.

Tomteeigaren ynskjer å vere anonym, og vil gjera det klart at Vestavind oppdaga saka på eiga hand, og at han ikkje sjølv tok kontakt.

Då stoppordren vart oppdaga, var datoen 14. februar, og det var gått to veker sidan den ble gjeve.

Forlenga frist

Vestavind snakka med ansvarleg søkjar nesten ei veke seinare den 20. februar. Då stadfesta han at han framleis ikkje hadde motteke noko stoppordre.

Kommunen vart kontakta den 14. februar av ein person tilknytta tomteeigaren sin søknad. Stoppordren var adressert til denne personen, som korkje er tiltakshavar eller ansvarleg søkjar.

Bjarne Hetlesæter er leiaren for eininga som handsamar saka. Han stadafestar at fristen har vorte forlenga, noko som vert stadfesta frå tomteeigaren sin side.

Uklar feil og usemje om søknadsplikt

Einingsleiaren fortel at det har skjedd ein feil i utsendinga av stoppordren.

— Detaljert kva feil det var, kan eg ikkje svara på, seier Hetlesæter.

Bakgrunnen for stoppordren er at inngrepet som tomteeigar har gjort, og planlegg å gjera vidare, er noko kommunen meiner er søknadspliktig.

Det er tomteeigar delvis ueinig i, og meiner han har reglane på sin side.

— Dette ser me ikkje som søknadspliktig, seier han om den første delen av inngrepet, som er byrja på.

Stoppa sjølv etter første del

Arbeidet stoppa dei sjølv etter første del av inngrepet. Då hadde dei også søkt om andre del av inngrepet, og ville forsikra seg om at dei hadde fått løyve til det.

Det var etter dette at kommunen kom på inspeksjon og seinare gav stoppordren.
Kommunen er tydeleg på at også første del burde ha vore søkt om.

— Det er heva over einkvar tvil at det er søknadspliktig. Dei burde ha sete seg inn i regelverket før dei søkjer. Det veit ein erfaren entreprenør, seier Hetlesæter.

Tomteeigaren seier den manglande stoppordren er ordna, og ynskjer ikkje å uttala seg vidare.

Powered by Labrador CMS