nyhende
Branntilløp på vaskerommet:
Fekk sløkt brannen sjølve
Ei tørketrommel er årsaka til brannen i Straumavegen.
Klokka 10.35 fekk politiet, via brannvesenet melding om branntilløp.
– Det viser seg at brannen har oppstått i ei tørketrommel. Folk var heime og fekk oppdaga brannen i tide, og sløkte brannen sjølve med pulverapparat, opplyser Ole Berner Iversen, innsatsleiar frå politiet.
Eit husstandsmedlem skal i følgje politiet kjent ei stram lukt. Då vedkommande undersøkte vaskerommet, var det røyk og flammar frå opninga av tørketromla.
Bebuarane i huset fekk tilsyn av helsepersonell på staden.
– Vidare vil me oppretta sak, sikra spor på staden og gjera avhøyr. Det var godt det vart oppdaga i tide, slik at brannen slapp å utvikla seg. Det kan vera ein vekkar å sjekka til slike apparat, og ha dei under eit visst oppsyn, oppmodar Iversen.