nyhende
Fekk skotpremie for rev
Kjell Olav Fosse frå Tveit var først til mølla då Sveio kommune gjennomførte årets første mottak av rev for utbetaling av skotpremie.
Fosse fortel at han eigentleg ikkje er aktiv revejeger. Den eine reven han hadde med seg, blei avliva etter at han hadde sett seg fast i eit gjerde. Men Fosse opplyser at han ser ein del rev, og meiner det er ei stor revestamme i kommunen. Og revane så må blir felte, er heilt utan reveskabb, fortel han.
Revemottaket var lagt til brannstasjonen i Sveioåsen, og administrator var Dagfinn Fagerland Bjørge. Han opplyser til Vestavind at han denne gongen fekk besøk av to jegrar som leverte inn tre revar.
Det er opp til kommunane sjølve å avgjera om dei vil betala ut skotpremie for rev. Sveio er ein av kommunane som har valt å bruka denne retten, og betalar ein premie på 350 kroner per rev. I tillegg har Sveio Sau og Geit vedtatt å betala ut 200 kroner per rev, slik at jegrane til saman kan rekna med ein gevinst på 550 kroner. Sauebøndene er dei som blir påførte mest tap når talet på revar blir for høgt.
Elles er ordninga med skotpremie litt kontroversiell, fortel Bjørge. Frå tid til annan får kommunen negative tilbakemeldingar frå ulike dyrevernorganisasjonar på grunn av dette, opplyser han.
I Sveio er det høve til å levera inn revar for å få skotpremie fire gonger i året, to om våren og to om hausteen. I 2021 blei det betalt ut premie for 33 revar, fortel Bjørge. Året før, i 2020, var talet heilt oppe i 50 revar.
Sveio betalar også ut ein skotpremie på 100 kroner per mink som blir levert inn. Det kom ingen minkar til mottaket måndag.