nyhende
Fekk p-bot: — Trist viss Sveio og Ryvarden får eit negativt stempel
Ekteparet Kjell Trygve og Aslaug Kinn var blant dei mange som tok turen til Ryvarden på sundag. Då dei skulle køyra heim, vart turgleda avbroten av ein gul lapp i bilruta.
— Me trudde fyrst at det var ein reklamebrosjyre for hjelpearbeid i Ukraina eller at nokon tulla med oss, men då me tok oss ein nærare kik, såg me at me hadde fått ei bot på 900 kroner, seier paret. Fyrst då vart dei merksame på fordbodsskiltet for parkering.
— Men dette skiltet såg me ikkje, for det stod ein stor bubil framføre då me skulle parkera, held ekteparet fram.
Dei var likevel ikkje dei einaste som gjekk på den kostesame smellen. Fleire av dei som hadde parkert langs snuplassen i Mølstrevåg sundag, vart bøtelagde, ifølgje Kinn-paret.
Dette reagerer dei på.
— Dette var jo på ein sundag, dagen for turgåing og utflukter. Parkeringsplassen var heilt full, og me såg oss difor nøydde til å parkera heilt i ytterkanten av vegen, som viste seg å vera ein snuplass. Fleire bilar stod parkerte her, og ingen stod i vegen for nokon. Det var framleis god plass til å snu, seier dei.
Dårleg rykte
Aslaug fortel at dei andre på staden vart sinte og fortvila, og at ein av dei besøkande skal ha omtala bøtelegginga som «simpel».
Ho er difor uroa over konsekvensane hendinga kan koma til å få for Sveio kommune og det populære turmålet.
— Det er trist dersom dette fører til at kommunen og Ryvarden får eit negativt stempel, når intensjonen til kommunen er at folk skal kunna nyta naturen og kunsten ute på Ryvarden.
— Bør gjelda yrkesdagar
Trass i at paret ikkje hadde parkert langs snuplassen dersom dei hadde sett skiltet, vonar dei at kommunen vil finna ei løysing som hindrar fleire i å gå i den same fella.
— Eg ynskjer ikkje at kommunen og Ryvarden skal hamna i eit dårleg rykte, seier Aslaug og legg til at ho er ein kommunepatriot.
— Eg synest kommunen bør endra skiltet og føya til at parkeringsforbodet gjeld på yrkesdagar, slik at det til dømes går an å parkera der på sundagar.
Fyrste bot på 66 år
— I laupet av dei 66 åra eg har hatt førarkort, har eg aldri fått bot før no, seier Kjell Trygve og ler.
Han og kona hadde aldri venta at staden for deira fyrste bot skulle verta ved parkeringa i Mølstrevåg.
Trass i at dei 900 kronene er sure pengar, ynskjer Kinn-paret å gjera opp for seg med heva hovud.
— Me parkerte feil, me betalar bota og skal stå i det, avsluttar Trygve med eit smil om munnen.
Vil gjera noko
Det er Sveio kommune som er ansvarleg for drifta på Ryvarden kulturfyr. I samband med parkeringsproblematikken ved Mølstrevåg har avisa difor tysdag prøvd å koma i kontakt med administrasjonen i kommunen, men utan å lukkast.
Dagleg leiar ved Ryvarden fyr, Gunn Bente Håvardsholm, kan likevel stadfesta at kommunen har planar om å setja seg ned for å sjå på ei mogleg løysing.
— Eg forstår godt at turgåarane vart frustrerte. Det er trist at dette skulle skje; folk skulle ut på sundagstur på landsbygda og kom tilbake til ei uventa bot.
Håvardsholm understrekar vidare at turgåarar må vera merksame på kor dei plasserer bilen sin, og ho kryssar fingrane for at hendinga frå sundagen ikkje gjentek seg.
— Me er godt kjende med trongen for parkering i Mølstrevåg. Kommunen har gjeve uttrykk for at dei skal sjå på saka, men det er alt eg veit her og no, avsluttar Håvardsholm.