nyhende

Framtidas fartshump? Ein fallem, er blitt prøvd ut i Bergen, med godt resultat. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune
Framtidas fartshump? Ein fallem, er blitt prøvd ut i Bergen, med godt resultat.

Fekk ned farten med «motsett» fartshump

Publisert Sist oppdatert
NPK: Ein lem i vegen som senkar seg 6 centimeter om du køyrer for fort, har vist seg å virke betre enn vanlege fartshumpar.

Fallemmen er blitt prøvd ut i Bergen det siste året. Han er ubehageleg å køyre over, men ikkje farleg. Og held du fartsgrensa, merker du ingenting.

Det er Vestland fylkeskommune som har fått bygd fallemmen i Nattlandsveien i Bergen. I løpet av eitt år er det gjort registreringar og observasjonar av før- og ettersituasjonen. Konklusjonen er at det har vore ein markant fartsreduksjon, det har vore svært få negative tilbakemeldingar frå publikum, og nødetatane er positive.

– Dette er eit strålande døme på kva ein kan få til når ein tør å tenkje nytt. Me har vore spente på kva evalueringa ville fortelja oss, men desse funna er eintydige på at dette er teknologi det er vel verd å satse vidare på, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp).

ActBump er namnet på fallemmen, som er ei svensk oppfinning.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS