nyhende
Fekk nasjonal pris
Under årsmøtet i Oslo i helga fekk Sveio Blomster og Gaver æra av å taka imot prisen «årets interflorabutikk» for 2020.
Av om lag 360-370 interflorabutikkar i landet vart prisen for 2020 overrekt Sveio Blomster og Gaver, noko som kom ganske brått på den daglege leiaren av butikken, Grethe Lier Alne.
— Eg vart veldig overraska og rørt. I denne bransjen er det ei stor ære å få ein slik pris, så dette er rett og slett veldig stas, seier Alne om prisen, som grunna pandemien vart utdelt fyrst no.
Ifølgje grunngjevinga for prisen har Sveio-butikken levert på fleire område, som til dømes fagleg kunnskap, samarbeid med andre aktørar, høg grad av deltaking i bransjen, taktisk og god marknadsføring, ryddige butikklokale, samt sal av kvalitetsprodukt med meir.
Prisen, ein plakett, som kvart år vert send vidare til ein ny vinnar, har reist landet rundt i mange år. No prydar han veggen på den omtykte blomebutikken i Sveio sentrum, og der skal han hengja i eit heilt år frå no av.