nyhende
Fekk breiflabb-beist i garnet
Garntrekkinga til Tore Ravn Ottesen og Bjarne Våga torsdag denne veka, skulle visa seg å bli ein av dei heilt sjeldne. Det var så vidt dei klarte å hala fangsten, ein breiflabb på over 60 kilo, over ripa.
– Det var eit heilt basketak å få breiflabben opp i båten, og då me endeleg hadde fått den over ripa var den sprell levande og prøvde å glefsa etter foten min, fortel Tore Ravn Ottesen.
Torsdag føremiddag var han saman med Bjarne Våga på Ålfjorden for å trekka fjordagarnet som dei hadde sett dagen før. Begge ivrige hobbyfiskarar. Breiflabben blei dratt opp to-tre hundre meter utfor kaien i Kvalvåg.
– Me forsøkte å vega breiflabben på ei sauevekt, men då ho viste 60 kilo sprakk heila vekta, ler Ravn Ottesen.
16 middagar
Fangsten har dei to fangstmennene delt broderleg mellom seg, og det er ingen fare for at dei ikkje skal bli godt mette.
– Totalt utgjorde fangsten 16 middagar. Halen åleine utgjorde 10 kilo beinfri filet, og rogna fylte ein full stamp, fortel Ravn Ottesen. Han ser fram til mange festmåltid framover, for breiflabb er rekna for å vera delikatesse
Jaktar vidare
I følgje Ravn Ottesen var dette drømmefangsten, og no er han og kameraten lystne på å jakta vidare på storfisk i Ålfjorden. Men først må dei skaffa seg ei ny vekt, for det kan jo henda det er fleire slike ruggar i fjorden.